Aurland, Stiganosi og Storebreen. (13.07.2024)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Stiganosi (1.761m) | 13.07.2024 16:04 |
---|---|---|
Storebreen (1.663m) | 13.07.2024 18:01 |
Ein fantastisk tur i dag. Var heldig å få med meg tre slekningar, etter ein open invitasjon på FB dagen før. Frå Langhuso i Underdal og inn Jonadalen. Og denne dalen hadde det meste. Fin og grei sti med stup-bratte fjell på begge sider innover. Gjel, foss, urar, gamle stølstufter på Jonadalsstølen, og innst inne i denne dalen, grønt, grøderikt, med utruleg flotte fjelltoppar. Fin oppstigning til høgfjellet, og flott å sjå alle dei fantastiske fjellområda rundt om på alle kantar. Dei som har teke dei to snarvegane til Stiganosi, særleg den fyrste, har gått glipp av indrefileen. Euforisk Einar på tur i dag. Vi er på den varda DNT-ruta mellom og Grindaflet-hytta og Langhuso. Vakker sti opp frå Jonadals-botn til høgfjellet. Frå fjellet-platået var det gode 4 km i stein ut til varden på Stiganosi. Snøfelt avlasta ein del. Velfortjent skjever og kvil ei stund. Her oppe, fjellpanorama 360 så langt auga såg. Sett bort frå eit kort stykke på fjellryggen, der vi såg idylliske Drægo, såg vi ikkje anna menneskeskapt i horisonten (eh, jau varden). På retur avtalte vi å møtast nede i Jonadals-botn, medan eg sette opp fart, og fekk med meg toppen Storebreen. Flott topp å gå i mot, og mektig utsikt. Og der ligg min grøne Spurs-caps og buff. Så viss du skal dit før eit kommande kraftig vindkast, sjekk rundt varden ;) Returen gikk rimeleg lett, men ein kjenner turen. Godt nøgd med desse to toppane i Aurland.
Benutzerkommentare