Ranastongi-runde i Hemsedal (24.06.2024)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 9h 07min
Entfernung 27,8km
Höhenmeter 1.534m
GPS
Besteigungen Steinbunøse (1.775m) 24.06.2024 11:03
Ranastongi trig pkt (1.900m) 24.06.2024 12:31
Ranastongi (1.903m) 24.06.2024 12:54
Storebottegge Ø3-1 (1.818m) 24.06.2024 13:28
Storebottegge Ø1 (1.824m) 24.06.2024 14:11
Storebottegge (1.829m) 24.06.2024 14:22
Sørøst for Storebottskardet (1.705m) 24.06.2024 15:50
Vest for Storebottjerne (1.629m) 24.06.2024 16:33
Såta (1.692m) 24.06.2024 16:59

Denne runden minus fyrste låg i god prioritet oppi hovudet. Sidan eg observerte Boven på tur i Ål -fjella, sende eg ein SMS førespurnad laurdag. Tilfeldigvis hadde han planlagt denne runden måndag. Berre at han hadde plussa på med ei ekstra raud nål. Litt raskare retrett frå Porsgrunn søndag, der vi var på feriebesøk. No med kurs Vavatn. Marita var sporty og tok bussen vidare frå Tuv og heim til Lærdal. Avreise litt før 9:30 dagen etter frå Vebuleino. Der byrjar stien mot Ranastonge. Klårver og varmt. På sti i lett terreng oppover, før vi litt etter elvekryssinga, gikk inn dalen i retning Steinbunøse (også omtala Hydalsberget). Toppa etter 1,35 og 5,7 km. Så retning Ranastonge, og status 10 km ved ankomst varden. Nydeleg utsikt til «alt». Såg til Gaustatoppen og til Rondane. Vidare i snill steinørken til Storebottegge, 15,7 km. Brutto tid 4:55, vel halvvegs i km, og ved godt mot. Og for ei utsikt. Vidare og nedatt frå denne toppen, noko grøvre ur, og kuppert nede ved skars-området. Her kunne vi ha følgt eit drag i ei enno knappare rute, eller teke større kurve rundt i lenger, kanskje optimal rute. Men problemfritt. Sørøst for Storebottskaret toppa etter 18,4 km og 6:20. Her var mura eit le ved varden. Vidare ned mot vatn, og opp til grøn topp. Det viste seg å vere lurt, då vi fekk nokre lange snøfelt i retning skaret før siste toppen. Endeleg Såta vel 23 km, og 7:30. No stod det att å finne god rute ned bratta herifrå. Ove losa oss fint ned bratta, og det vart aldri vanskeleg. Aleine hadde eg etter fyrste avsats, kanskje teke ruta om Såta sør, for mindre bratt rute. Men dette blei optimalt, og lettare enn det ser ut på avstand. Må halde seg til tørre hyller midt på ryggen. Nede frå toppen, i lett terreng mot elva. Den var rimeleg stor, men vi fann ei løysing over. Så var det å navigere til stien for siste etappe mot mål og start på ruta. Ca 28 km og vel 9 timar brutto. Denne turen i varmt klår-ver var ei god oppleving. For ei utsikt. Vi såg Gaustatoppen, Rondane, og heile breidda av Jotunheimen, ved berre å snu litt på hovudet. Så er det nærutsikta med kontrast mellom steinørken, botnar og styrtningar, samt frodige grøne fjellområde, som ned mot Smådalen i Vang. Og mykje meir. Tilrår denne ruta, som er lang, men fin. Takk til Ove for at eg fekk henge med i dag :)

Steinbunøse, fyrste topp.
Steinbunøse, fyrste topp.
Frå Steinbunøse (Hydalsberget), mot Hydalsbergi.
Frå Steinbunøse (Hydalsberget), mot Hydalsbergi.
Varden ved Ranastonge.
Varden ved Ranastonge.
Frå Ranastonge mot Rankonøse, Jotunheimen og Skaget. Ved zoom også Rondane.
Frå Ranastonge mot Rankonøse, Jotunheimen og Skaget. Ved zoom også Rondane.
På Storebottegge. Utsikt mot Høgeloft.
På Storebottegge. Utsikt mot Høgeloft.
Tilbake mot Storebottegge (der vi kom ned frå).
Tilbake mot Storebottegge (der vi kom ned frå).
Sørøst for Storebottskaret og Såta. Topp 4 og 5.
Sørøst for Storebottskaret og Såta. Topp 4 og 5.
Storebottegge til venstre, og Ranastonge langt bakanfor til høgre.
Storebottegge til venstre, og Ranastonge langt bakanfor til høgre.
Mot topp 5, Såta (lengst borte).
Mot topp 5, Såta (lengst borte).
Tilbake mot Sørøst for Storebottskaret.
Tilbake mot Sørøst for Storebottskaret.
Nærmar seg Såta.
Nærmar seg Såta.
Såta (siste topp i dag).
Såta (siste topp i dag).
Såta (her kom vi ned ryggen )
Såta (her kom vi ned ryggen )
Vavatn. Vakkert.
Vavatn. Vakkert.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.