Skaget (19.06.2024)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 2h 25min
Entfernung 8,1km
Höhenmeter 615m
GPS
Besteigungen Skaget Ø2 (1.651m) 19.06.2024 14:18
Skaget (1.685m) 19.06.2024 14:28
Skaget Ø1 (1.667m) 19.06.2024 14:46
Nasen (1.497m) 19.06.2024 15:10

Vakna i bubil på fjellet nær Robulstølen, og klar for ny turdag. Veret var regnbyger, så det hasta ikkje å komme av garde. Las i Fjell og vidde, og sjekka yr og storm utover føremiddag. Bygever fram til ca. kl. 13. Køyrde etter kvart dei 7,5 km som stod att før vi var framme ved ny opparbeida parkeringplass. Tydeleg bygd som tilrettelegging for turfolk. Her var også bygd flott toalett-bygg i naturstein. Steintavler som forklara om Langsua nasjonalpark var også på plass. Møtte ingen på toppturen til Skaget. Eit par på sykkel inn og ut av området, ellers aleine med denne store naturen. Svært fin tur i nydeleg terreng å skue på. Ikkje minst utover desse endelause lyng- og myrområda. Kan ikkje beskrivast, må opplevast. Fin sti oppover. Litt brattare med stein og blokk-parti, siste stigninga opp til fjellplatået. Fint å gå bortetter til ein nådde toppen med den store varden. Utsikta her var til å ta pusten frå ein. Viddene, toppane, vatna og det meir kupperte i nord. Jotunheimen og Rondane. Her ser ein langt. Sikta vart bra då veret hadde betra seg undervegs, som meldt. Regnbyger rundt i det fjærne, men ein del sol og ingen dråpe på meg. Fantastisk dag i naturen. Vakkert berre det å køyre inn og ut av området.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.