Ørneklumpen (15.06.2024)

Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Startpunkt Humlestølen (381m)
Endpunkt Humlestølen (381m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 1h 33min
Entfernung 4,4km
Höhenmeter 326m
GPS
Besteigungen Ørneklumpen (637m) 15.06.2024

Litt sliten dag med sein kveld og litt for tidleg morgen. Endeleg letta regnet og det var tid for ein liten tur. Ørneklumpen er ein topp eg ikkje har besøkt før, så eg fann det passande å besøke denne på ein slik dag. I tillegg er det trimpoeng på Flora fjelltrim sin app, det gjer at det låg ein turbeskrivelse i appen. Eg fulgte skiløypa frå parkeringsplassen og over brua og tok av til venstre og gjekk opp langs elva, slik det stod i beskrivelsen. Det var eit slags dyretråkk oppover lia, men etter kvart traff eg på ein sti med ei bru over elva og fulgte den til Langevatnet. Det var også laga til ei bru rett ved vatnet, slik at eg slapp å vade over elva. Ikkje noko tydeleg sti, men tråkk her og der det siste stykket til toppen. Fin utsikt og fint og tørt å gå heile vegen opp. Fulgte stien tilbake frå vatnet og heilt ned til skiløypa. Så dersom eg skal ha fleire turar dit, så går eg litt lenger langs skiløypa før eg tar opp til høgre.

fossen frå Langevatnet
fossen frå Langevatnet
brua over elva
brua over elva
brua ved Langevatnet
brua ved Langevatnet
Utsikt frå Ørneklumpen ut mot kysten
Utsikt frå Ørneklumpen ut mot kysten
Utsikt frå Ørneklumpen mot Heilefjellet
Utsikt frå Ørneklumpen mot Heilefjellet
Utsikt frå Ørneklumpen mot Alnakken og Langevatnet
Utsikt frå Ørneklumpen mot Alnakken og Langevatnet

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.