Brurastakken (18.05.2024)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Jogging
Tourlänge 0h 28min
Entfernung 1,6km
Höhenmeter 115m
GPS
Besteigungen Brurastakken (177m) 18.05.2024 16:04
Skardvikenova (175m) 18.05.2024 16:13

Før tur nr. 3 i dag, køyrde vi ned ved moloen på Herland. Rusla og fotograferte litt. Då vi skulle køyre att, ser vi ei dame med hund, som eg dreg kjensel på. Kven andre enn Reni Herland, møter ein tilfeldig på Herland ? Kjenner henne frå tidlegare i jobb-samanheng. Artig treff, då ho ikkje bur, men har vakse opp her. Køyrde så opp til sti-start ved høgda. Kan nemnast at det sikkert hadde vore ein finare tur å gå denne frå Herland og opp fjellryggen. Frå stistart som eg nytta var det knapt 10 min. opp til Brurastakken. Nydeleg utsikt. Også innover fjella, og til alle småholmane sør-vest. Gikk også bort til Skardvikenova. Her var "SjekkUt". Det var også ein benk med flott utsikt til Tvibyrge og Alden. Dei to øyane må eg nok besøkje ei annan gong.

Frå sti-start mot fjellet.
Frå sti-start mot fjellet.
Frå litt etter skardet og mot Brurastakken.
Frå litt etter skardet og mot Brurastakken.
Frå Brurastakken mot Skardvikenova.
Frå Brurastakken mot Skardvikenova.
Tvibyrge.
Tvibyrge.
Frå Skardvikenova mot Brurastakken.
Frå Skardvikenova mot Brurastakken.
Alden og Tvibyrge.
Alden og Tvibyrge.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.