Påskeklassiker nr.1 i Skjåk: Skridulaupen (30.03.2013)

Geschrieben von Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)

Startpunkt Grotli (924m)
Endpunkt Grotli (907m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 6h 34min
Entfernung 23,8km
Höhenmeter 1.216m
GPS
Besteigungen Skridulaupen Øst (1.949m) 30.03.2013
Underteikna, med Sandåtind og Sandåbreen i bakgrunn.
Underteikna, med Sandåtind og Sandåbreen i bakgrunn.

Skridulaupen, kanskje den mest klassiske av alle påsketurar i Skjåk. Merkjeleg nok har eg aldri gått denne turen. Så denne påska hadde eg stygge planar om å få skvisa inn denne klassikaren i turprogrammet som eit passe tillegg til monsterturen Gråhø. Eg forhøyrte meg litt rundt om nokon ville vera med og fleire viste interesse, men av ulike årsakar var Pappa den einaste som stod igjen når dagen rann.

Vi hadde alle intensjonar om å kosa oss på tur, og ingen intensjonar om å springa som gale på toppen. Så i passe behageleg morgontid sette vi oss i bilen og kjøyrde til Grotli. Framme på Grotli fann vi fort ut at vi ikkje var dei einaste som hadde tenkt oss ut i fjellet denne dagen. Det var trongt om plassen på parkeringsplassane. Kanskje ikkje så merkeleg med tanke på at dei fleste nok ikkje kan hugsa å ha sett så fantastisk påskevær. I alle fall kan ikkje eg det! Strålande sol, heilt vindstille og ikkje ei sky og sjå!

Laupen i all si prakt
Laupen i all si prakt

Det var litt kjøleg i det vi starta, men det tok ikkje så alt for lang tid før eg mått ta den fyrste tekniske kvilen og få av meg litt klede. Det var tross alt ikkje anna enn motbakkar som venta dei næraste timane. Det var langt betre føre her enn i solsida opp mot Gråhøa, og i tillegg var det nok folk som hadde gått denne turen i vinter til at det var eit heilt markert spor å følgja. Vi fylgjde sporet inn til Åfåttjønn, der vi tok lunsjpausa vår.

Vi fylgjde sporet vidare innover, men småbanna litt da vi fann ut ved eigen erfaring at "Range vegen vert ikkje rettare om mange ganga han". For her hadde nok fyrstemann vald ei litt pussig rute. Bratt stigning opp på ein kolle i nerkant av Laupen, før det barst ned at fleirfaldige høgdemeter. Ikkje nok med det, men vi måtte også krafse oss bortetter ei skråbratte for å koma oss bort til ei grei oppstigning. Klassisk, kjedeleg oppstigning; Heilt javnbratt, heilt javnt føre. Her var det berre å labbe i veg og drøyma om telemarksskia som stod i Trondheim. Etter det som føltest alt for lengje kom vi til ein skavlete kul, og før vi visste ordet av det stod vi på toppen av austtoppen. Det er denne som er målet for dei fleste, den høgste toppa blir nok oftast bestege av samlarar og dei som har litt meir energi å blåse etter å ha toppa austtoppa.

Været var heilt strålande, det var ikkje eit vindpust å spore så vi tok oss like godt tid til ei orntleg pause på toppen. Eg blei reint forelska i Sandåtind, og blei nok sitjande der og drøyme om å koma meg opp på denne toppa og.. Ved eit seinare leite. Vi var ikkje dei einaste som hadde teke turen opp i dag, og stemninga var jovial. Ja vi blei til og med påspandert seigmenn av eit anna turfølgje. Rett og slett ei høgda stund.

Prega av den røffe nedkjøyringa frå Gråhøa, var eg nok skeptisk til nedkjøyringa. Dette synte seg grunnlausta, da dei horrible skavlane frå solsida var meir eller mindre fråværande her. Vi kryssa oss fint ned breen til foten av Laupen. med eit lang betre løypeval ned kunne vi herifrå skli, til dels uanstrengt, ned i eit javnt renn. Det var litt kryssing her og der, og meir enn nok ploging mot slutten til at lårmusklane surna godt. Nede ved bilen var det to glade karar som sette seg i bilen. Ein flottare tur til Skridulaupen trur eg nesten ikkje det er råd å få. Hverken med tanke på vær eller føre.

Med på tur: Pappa.

Startzeitpunkt 30.03.2013 11:24
(UTC+01:00 SZ)
Endzeitpunkt 30.03.2013 17:59
(UTC+01:00 SZ)
Gesamtzeit 6h 34min
Zeit in Bewegung 5h 09min
Pausenzeit 1h 25min
Gesamtschnitt 3,6km/h
Bewegungsschnitt 4,6km/h
Entfernung 23,8km
Höhenmeter 1.216m

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.