Raudalsegga og Krabbestigheia (26.03.2024)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besteigungen | Krabbestigheida (330m) | 26.03.2024 |
---|---|---|
Rauddalsegga (318m) | 26.03.2024 |
Vi starta tidleg om morgonen for å rekke ferga frå Oldeide kl 09:10 og på den måten få mest mogleg ut av dagen. Vi køyrte Krabbestigvegen fram til ei grind og gjennom grinda for så å parkere rett ved der vi skulle starte. Ei av dei som har hytte på den sida fortalt kor vi skulle starte og at det ikkje var noko problem å stå der vi stod. Ho forklarte også at det var merka heilt opp til Rauddalsegga og til Krebbestigheida. Vi fulgte merka rute opp skaret og tok til venstre der vi såg det naturleg. Vi oppdaga at stien gjekk litt annleis enn det vi gjekk frå skaret og opp, men det var heilt greitt å gå der.
Frå Rauddalsegga gjekk vi ned mot skaret samme ruta som vi gjekk opp og fulgte merking vidare til Krabbestigsheida. Bratt opp, men heilt greitt å gå. Fin start på dagens toppturjakt på Husevågøy.
Benutzerkommentare