54-årsfeiring i Sunnmorkhølen (16.03.2024)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Bergeheia (847m) | 16.03.2024 |
---|---|---|
Holmaknuten (831m) | 16.03.2024 | |
Vest for Høgavatnet (789m) | 16.03.2024 | |
Krøysaheia (836m) | 16.03.2024 | |
Kuhaugen (812m) | 16.03.2024 |
På lørdagen vakna me til vannrett drev av sludd i Sunnmorkhølen. Dette var helst som meldt og borga for fin og tørr nysnø oppe i høgda i Krøys der me hadde tenkt oss. Og dersom meldinga slo til, skulle vêret betra seg betrakteleg, endåtil med ein god del sol utover dagen. Me tok det derfor ganske med ro og var ikkje klare for tur før i 10-tida.
Me trengte bare å bera skia til over brua, og så var det fint skiføre resten. Me tok nemleg rett opp lia i retning Kuhaugen og kom etter kvart opp i dalsøkket sør og vest for toppen. Her var det full vinter med til dels kraftig vind og snøføyke, og vindjakka måtte på etter ein optimistisk start utan.
Første måla for turen var dei to høgaste toppane i Krøys, Bergeheia og Krøysaheia som me var over på langturen vår tilbake i 2020. Etter 1 ¾ time var me på førstnevnte til flott rundskue, jamvel heilt til kornsiloane i Stavanger, og bare 40 min seinare på eksponerte Krøysaheia. Denne toppen stikk seg fram kor ein ser han ifrå, og utsikten er førsteklasses, spesielt over Kroka- og Hildravatnet og det flate heieområdet rundt, men óg heilt tilbake til utgangspunktet vårt ved Sandvatnet.
Etter å ha hatt blest her i høgda ei stund, stilna det etter kvart meir av, og me fann oss ei fin krå for ein god mat- og kaffipause med utsikt tilbake til Bergeheia. Me hadde nemleg planar om å returnera til Høgavatnet og dela oss der. Som tenkt så gjort, og to av oss fekk ein fin tur til den navnlause 789-toppen vest for Høgavatnet og vidare til Holmaknuten, desse toppane eg var oppom på turen min til Sunnmork ved midtsommar 2022. På sistnevte måtte me ha ein ny pause og nyta utsikten som er så fin frå dette sluttleddet på den høge fjellryggen, jamvel heilt ut Lysefjorden.
Etter 5 ½ timar på tur var det på tide med vendereis, og den gjekk ned att i dalsøkket under Kuhaugen. Før nedrennet same vegen me kom opp, tok me ein rask tur oppom denne fine utsiktstoppen. Nede i bakken traff me att kameraten som hadde vore nedom Gamlestølsknuten og returnert nedanfor Holmaknuten. Her ei stund drog det seg til med nokre hagl- og snøbyger, men seinare klårna det opp att slik at me fekk sjå stjernevrimmelen utan anna lyspåvirkning enn av månen. Han skein opp i Vintersekskanten med Jupiter vestanfor, eit retteleg flott syn.
Fasit for dagen vart om lag 11 km, 750 hm og 6 ½ timar på tur, og jubilanten kunne ikkje vore meir fornøgd. Og at snøfallet siste natta i høgda hadde gitt oss ekstra fine forhold, var det inga tvil om. Nokre kvitkledde ryper var forresten alt me såg av liv denne dagen.
Benutzerkommentare