Ådalstinden (28.03.2013)  5

Geschrieben von JPV100 (Jan Petter Vad) GSM

Startpunkt Seljebotn (420m)
Endpunkt Seljebotn (420m)
Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 5h 00min
Karte
Besteigungen Storhornet (1.057m) 28.03.2013
Ådalstinden (1.433m) 28.03.2013

Frå parkering innerst i Seljebotn gjekk eg først eit par hundre meter forbi siste garden, og rett etter eit granfelt strauk eg rett til skogs. Det vart mykje baksing i den tette bjørkeskogen, men etter å ha kome opp på snaufjellet gjekk det mykje lettare. Her var det ein del spor både opp og ned, og det var eit fantastisk påskever. Utsikta åpna seg meir og meir, og blant anna Stordals høgaste topp, Seljebottstind markerte seg på motsatt side av Seljebotn. Det var litt lett snøver på deler av indre Sunnmøre i dag, men på Ådalstind var det stort sett sol heile tida. Frå toppen såg eg rett ned på dei enorme folkemengdene i skiløypa mellom Overøye og Storvatnet. Etter å ha vore på toppen ein god time tok eg turen bortom Storhornet, noko som eg sterkt kan anbefale. Her ser ein rett ned og bort på skitrekket på Overøye og vidare ned Nørddalen. Turen nedatt gjennom bjørkeskogen vart slitsom, men heldigvis skadefri både for kropp og utstyr!