Holvikfossen (18.01.2024)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
Besuche anderer PBE | Holvikefossen (325m) | 18.01.2024 15:28 |
---|
Tur opp Holvikefossen med Torbjørn. Denne fossen har jo klassikarpotensiale så det held!
- stor foss som frys overraskande ofte (har vore inne 3 gonger berre i vinter)
- parkering rett ved Sandane sentrum (eller gangavstand frå rutebilstasjonen om du er dirtbag)
- anmarsj: 15 min sherpatrapp
- to taulengder der du kan halde deg på 3-talet stort sett heile vegen, og brattare ting om du vil tøffe deg
- lang nok til å svette litt - ca 100 klatremeter
- awesome utsikt over Sandane Sentrum on route
- siste standplass på turistplattformen på toppen (er du heldig er der også turistar)
- retur via sherpatrapp rett tilbake til parkeringa.
Yes, altså. Eg har gått å glodd på denne isen heile vinteren, og i dag fekk eg med Torbjørn på tur. Det hadde kome ein god del snø sidan i går, så vi ante det kom til å bli litt snømåking. Eg hugsa frå i fjord at første lengde var lang, så eg tok med det meste av skruar, og gikk laus sånn omtrent midt på. Kjempeis i starten, så ein del luft og greier vidare. Tok litt tid før eg kom i rytmen, men klatra på, og kom til den store hylla under toppveggen etter 65 meter. Då hadde eg brukt opp alle skruane.
Torbjørn kom etter og var veldig nøgd!
Vidare opp såg det brattare ut men også meir formasjonar. Eg drog ut til høgre og kom opp i eit dieder som gav fin opptaksbasert klatring med masse formasjonar. Det dura i fossen - no klatra eg så og seie på sjølve fallet. Men det var tjukk skøyteis mellom meg og vatnet.
Plutselig var eg oppe, og sette stand i eit solid tre ved turistplattformen. Høg stemning då begge var på toppen. Så var det berre å gå sherpatrappene ned. 3,5 t bil til bil. Ganske bra!
Takk for turen!
Benutzerkommentare