Nuken (12.11.2023)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 1h 11min
Entfernung 5,6km
Höhenmeter 288m
GPS
Besteigungen Nuken (919m) 12.11.2023 14:06

Fyrste tur til Nuken for min del. Vinterføre på god sti innover. Slik også opp den svært bratte vegen merka fyrst Eggum, så Nuken/Åsen. Her var det smal veg, bratt og lite møteplasser. Ingen bekymring opp med 4 hjulsdrift, men litt spent nedatt med tung bil. Det viste seg å vere ugrunna. Ca. 10-12 bilar stod fint oppstilt på skrå, på parkeringa. Stien var litt bratt fyrste få hundre meter. Så flata det ut, og inn i barskog eit kort stykke. Snart oppå fjellet og vidare i lett terreng, med sporadisk småbjørk. Møtte ein del folk, sidan eg var seint ute. Fint innover. Nokre stølshus å sjå, og eit fint like under toppen, som er noko markert. God utsikt 360 grader oppå toppunktet. Skilta vidare, så her oppe kan ein gå diverse ruter, særleg sommarstid. Retur same veg.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.