Vi ville teste ut ein ny rute opp til Jarstadheia. Vi parkerte ved Hauglandssenteret og fulgte ruta opp mot Jarstadheia. Greitt å gå oppover og fin sti og vindstille. Frå Skurveholten og vidare til Jarstadheia var det fin utsikt i fleire retningar. Der var det meir vind, men ikkje så mykje at det gjorde noko. Tok ein rast rett før utkikkspunktet på Jarstadheia. Retur ned mot Storemyra og vidare mot Storåsen. Nydeleg å gå i dag. Konklusjonen vår var at det er finare rute enn frå Rakneberg
Benutzerkommentare