Oppdrag skorgedalen (05.11.2023)

Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Karte
Besteigungen Levandehornet (913m) 05.11.2023 14:47
Hestefjellet (799m) 05.11.2023 14:47
Tverrfjellet (850m) 05.11.2023 14:47
Besuche anderer PBE Busetsætra p-plass (370m) 05.11.2023 14:47

Dagens oppdrag for laget i 71 grader NordFjord var bestiging av fjellet Levandehornet i Sunnmørsalpane.

Laget måtte stå tidlig opp, og det var avgang allereide klokka 8 frå Stårheim. Første delen av oppdraget var å køyre til bygda Vartdal i ein godt brukt Hiace. Det var lettare sagt enn gjort, for laget oppdaga raskt at vegane var underkjølte. Dei ville ikkje rekke ferga, og måtte bruke omvegen «Kviven». Her mista laget verdifull tid.

Neste utfordring var navigering etter kart i Vartdal sentrum. Etter fleire grove feil med påfølgande villkøyring tok laget igjen noko tid med godt driv opp Årsetdalen.

Laget tok sikte på å køyre heilt til den avmerka parkeringa på Busetra. Denne vegen var derimot sperra av ein bom. Slike intellektuelle gåter var deltakarane godt budde på, og sjåføren jaga ut pasasjeren for å løyse oppgåva. Oppgåva var enkel: bommen var holdt fast av ein skrue og ein mutter som lett lot seg skrue av. Bommen vart heva og bilen passerte enkelt, før skruen igjen vart satt på plass.

I det samme høyrdest hoiing frå nokon pensjonistar, som lurte på kva i alle dager laget holdt på med. Såg vi ikkje bommen? Det var jo teleløysing!

Sjåføren glimra med sitt fråvær medan grindaguten fortvilt prøvde å kome på nokon unnskyldningar, medan han lurte på om dette var ein del av prøva. Var ikkje det slik det brukte å vere i «Farmen» då? At laga måtte turnere vanskelige bygdefolk?

Men, stemninga var amper, og laget måtte skru opp skruen att, rygge tilbake, og parkere nedanfor bommen, vel vitande om at dette ville føre til ein mykje lenger gå-etappe før oppdraget var utført. Sjåføren kommenterte at dette var første gong han hadde fått kjeft på tur. Eg tenkte med meg sjølv at HAN framleis ikkje hadde fått kjeft på tur.

Resten av turen gikk fint. Laget nådde toppen av Levanderhornet, og runda bortom Hestefjellet og Tverrfjellet også før dei returnerte til bilen. Då sat det ein fyr utanfor ei hytte å fulgte med på bommen.

Dagens intellektuelle oppgåve
Dagens intellektuelle oppgåve
Er det ein bom eller er det ikkje ein bom?
Er det ein bom eller er det ikkje ein bom?
AHA! Dette er jo lett match!
AHA! Dette er jo lett match!

Andre bilete. Fine dei også.

Tverrfjellet og Hestefjellet
Tverrfjellet og Hestefjellet
Eg har aldri før fått kjeft på tur, seier sjåføren. Fint for deg, seier han andre.
Eg har aldri før fått kjeft på tur, seier sjåføren. Fint for deg, seier han andre.
Nordveggen på Sjeviothornet
Nordveggen på Sjeviothornet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.