Blånipa i vind (21.10.2023)

Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 39min
Entfernung 14,2km
Höhenmeter 958m
GPS
Besteigungen Blånipa (1.021m) 21.10.2023
Besuche anderer PBE Hovlandsstølen (500m) 21.10.2023

Var litt usikker på kor lurt det var å dra seg opp på fjellet med den vinden som var meldt. Men eg hadde lova å bli med, så då blei det tur. Vi starta frå rasteplassen i Eikefjorden. Ikkje så gale med vind der i alle fall. Og opp til Hovlandsstøylen gjekk det ganske bra.
Vidare derfrå var det litt meir vind og vi starta å merke vinden då vi kom opp til Nipevatnet.
Mitt turfølge var så grei å ta med broddar til oss begge. Det kom godt med på veg opp det siste stykket, då snøen ikkje berre var snø, men såpeglatt is.
Det siste stykket opp var skillelig motvind. På toppen var det å ta eit par bilder før vi farta nedatt. Det var ingen plass å sitte i den vinden og nyte matpakka. Eit lite stykke ned frå toppen fann vi oss litt ly og kunne ta lunsjen vår. På veg nedatt var ikkje dei gode broddane så mykje hjelp då foten glapp og rett på baken bar det med meg. så då vart det litt forsiktig nedover før vi kom oss heilt ned til Hovlandsstølen og vidare ned på veg til parkeringsplassen. Innimellom kjente vi faktisk varmen frå sola, som gav oss ein fantastisk følelse. Av og til er det faktisk ikkje så ille å gå, sjølv med litt vind.

Frå Nipevatnet
Frå Nipevatnet
Frå Nipevatnet
Frå Nipevatnet
På veg opp til Blånipa. Utsikt mot Nipevatnet
På veg opp til Blånipa. Utsikt mot Nipevatnet
Ut mot havet, sett frå Blånipa
Ut mot havet, sett frå Blånipa
sørvestover sett frå Blånipa
sørvestover sett frå Blånipa
Sørover mot Heilefjellet.
Sørover mot Heilefjellet.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.