Middagsheia frå Rv. 13 ovanom Kilane (21.10.2023)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Middagsheia (447m) | 21.10.2023 |
---|
Etter den korte første turen til Fuglanuten kjørte me til Kilane og parkerte mellom dei to tunnelane for å få med oss Middagsheia. Igjen valde me ein låg topp denne svært vindfulle dagen med middelvind meldt over 20 m/s og kast godt opp på 30-talet. Ja, faktisk skulle det vera verst akkurat på denne tida, noko me fekk merka på tilbakevegen.
Traseen til topps gav seg sjølv, først bratt opp langs kraftlinja i Galtadalen, så til topps via Longedalen og ein liten fortopp. Nedanfor fortoppen, i Middagstjødna, er det forresten ein liten salamanderkoloni.
Som venta bles det kraftig på toppen, og me tok oss heilt vest på heiaplatået for å finna le til ein ny mat- og kaffipause med flott utsikt over Erfjord. På tilbakevegen same veg hadde vinden tatt seg kraftig opp, og me hadde han beint imot, så me ottast for at tre kunne knekka eller velta over oss. Men det gjekk sjølvsagt bra, og etter snaut 400 hm og 2 timar på tur var me tilbake ved bilen. At ferja på Hjelmeland hadde vore innstilt nokre timar denne ettermiddagen, var elles inga overrasking.
Benutzerkommentare