Starta med litt regn i det eg parkerte i Norddalen. Regnet fulgte meg meir eller mindre opp forbi Finneskotet. Eg tok likevel sjansen på at dei mørke skyene over Nova skulle gje seg. Og det gjorde dei. Då eg kom opp til toppen hadde det letta og skyene forsvann. I tillegg vart det heilt vindstille, så eg må innrømme at eg hadde mest lyst å berre bli oppe lenge for å nyte utsikta og det fine været. Tok ein avstikkar opp til Skorafjellet, der eg fekk den flotte raude solnedgangen.
Klarte akkurat å komme tilbake til bilen slik at eg slapp å bruke hovudlykt.
Benutzerkommentare