Tunga (29.07.2023)
Geschrieben von simenee (Simen Einmo Engdal)
Besteigungen | Tunga (1.424m) | 29.07.2023 |
---|
Relativt tidlig start frå Dalen for å rekke ein tur opp på Tunga før meldte ettermiddagsbyger rakk å ta turen innover dalføret. Skodda kom og gikk i løpet av turen, men sola vann jevnleg gjennom og skapte ei flott ramme rundt toppturen.
Godt tilrettelagt opp til Viromsetra og vidara inn Grasdalen. Deretter er det berre å følge terrenget, krysse ei for anledninga relativt hissig elv, og til slutt ta fatt på stigninga opp mot Vinnumassivet. Eksepsjonelt stilig utsikt inn mot Vinnumassivet, med breen og toppane rundt. Overraskande lettgått, og spektakulær utsikt på toppen ned mot Grasdalen og over mot Trollamassivet. 360 grader med nasjonalromantikk!
Benutzerkommentare