Søtelifjellet ved to av dei (08.07.2023)
Geschrieben von Esone (Einar Moen)
Besteigungen | Søtelifjellet (1.435m) | 08.07.2023 13:37 |
---|---|---|
Søtelifjellet Nordvest (1.586m) | 08.07.2023 14:31 | |
Søtelifjellet (1.594m) | 08.07.2023 14:49 |
To nye toppar i Hemsedal venta på besøk. Køyrde inn Grøndalen, bomveg kr. 60 med Vipps og grind som ein opna sjølv. Tok av mot stølen Søteli. Her var grind på brua. Såg ikkje noko forbod-skilt. Svært vakker støl Søteli. Fann greitt stien bak fyrst hytta. Fint opp i bratta. Kom ut av skogen, og ein fin foss til venstre. Då det flata ut, nitti grader til høgre, og ganske rett mot toppen. Ein time hit. Gikk fram på toppen og kika litt rundt om. Fjellet Vesle Jukleeggi synest eg er veldig fint. Så var det rett ned i retning utosen til vatnet. Greitt å gå, men nokre små-skrentar og litt ur før eg kom ned på flata. Greitt på steinar over elva, som hadde fleire småløp. Fint å gå vidare oppover her. Nordre toppen på hovedfjellet etter knapt ein time til. Bratt men greitt nedatt frå denne. Eit godt kvarter bortover ura, så var eg på dagens høgaste, og andre Søtelifjellet. Var litt spent på ruta vidare, men det gikk fint, å gav seg sjølv kor nedstigninga byrja, etter kvart. Men så var det litt meir rotete terreng der eg skulle ta kraftig til venstre. Her må ein følgje med. For meg vart det litt småsurr, ved at eg tok meg oppatt litt. Det var ikkje nødvendig. Føl inn i noko som likna ein "halv-pipe", så er ein på hylla i fjellet nedatt i retning Søteli-tjernet. Kom fint unna vier, vada elva, og vart blaut, då sist tre steinane låg under vannskorpa. Så var det innatt på stien ned til Stølen. Nydeleg dag i fjellet.
Benutzerkommentare