Ramnafjellet frå Rødne (16.04.2023)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Ramnafjellet (475m) | 16.04.2023 |
---|
Det var klart for eit døgn med toppsamling i Vindafjord, og for å ha optimalt utgangspunkt hadde eg med telt. Eg hadde prøvd meg på Ramnafjellet frå Hålandsdalen i fjor haust, men snudde fordi eg ikkje var velkomen. Derfor la eg heller turen til Rødne på andre sida av massivet, og fann meg ein grei teltplass eit stykke etter at eg hadde svingt av frå kraftverksvegen, om lag ved 200m-koten.
Det vart ei kald, men interessant natt i vårskogen, med rugdetrekk og kattugleskrik som høgdepunkta. Kattugla var på det næraste bare 10-15 m frå teltet før ho flaug vidare, eit mektig inntrykk!
Turdagen opprann med tilnærma blå himmel som meldt, og eg starta kl. 0730 frå teltet. Med dagslyset og all fuglesongen var det ingen vits i å ligga lenger. Eg følgte merka sti til utsiktspunktet ovanom Sandeid, så stilaust og småkupert austover til toppunktet. Her oppe var det orrespel, og dessutan skremde eg opp nokre av fuglane. Etter å ha besøkt den lite prangande toppvarden gjekk returen i nokså bein linje vestover til eg traff stien att, og så var eg tilbake til teltet etter snaut 1 ½ time og 300 hm på tur.
Nedpakking av teltet og retur til bilen tok ein halvtimes tid, og så var morgonturen, dagens første etappe i mål.
Benutzerkommentare