Gråbrør og Jakobdalsholten (29.09.2022)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Wanderung
Tourlänge 2h 43min
Entfernung 10,3km
Höhenmeter 782m
GPS
Besteigungen Søre Gråbrørne (737m) 29.09.2022 17:06
Nordre Gråbrørne (716m) 29.09.2022 17:22
Jakobdalsholten (798m) 29.09.2022 18:05

Nydeleg ver, som berre måtte nyttast i naturen. 45 min. avspassering, kjapp matbit, og ferja Fodnes-Mannheller. Parkerte oppå tunnellen, i retning Festingedalen. Tok til i rask gange på fin skogsveg opp og innover mot Svartahol. Sola kom fram mellom furtrea innimellom. Der vegen slutta gikk eg rett inn i terrenget, men kom inn på ein sti etter ca. 100 meter. Den følgde eg nesten heilt opp til Søre Gråbrørne. Hadde vore eit betre val og følgt den heilt fram. Flott utsikt og idyllisk stad. Ganske bratt vidare ned, men kjapt opp til Nordre Gråbrørne. Vidare nedatt frå denne var det nesten litt utfordrande, men eg fann da hyller og ei rute. Ikkje farleg. Bratt også opp frå skaret etter denne. Vidare var det lett. Men ein går i terreng heile tida, og må vere obs. Særleg sidan eg hadde låge sko i dag. Skikkeleg moro denne berg- og dalbana mellom toppane. Frå Jakobdalsholten og ned var eg svært nøgd med rutevalet. Såg litt på sporet på appen innimellom. Men prøvde også å gå der terrenget såg som greiast ut. Etterkvart ein del dyretrakk, som ein kunne følgje her og der. Vel nede på skogsbil-vegen, blei det jogging nedatt til parkeringa. Rakk akkurat 19 ferja på Mannheller. Vellykkka ettermiddagstur :)

Idyllisk.
Idyllisk.
Like ved fyrste toppen.
Like ved fyrste toppen.
Søre Grøbrørne. Vi ser til vakre Store Haugmelen.
Søre Grøbrørne. Vi ser til vakre Store Haugmelen.
Bermålsnosi.
Bermålsnosi.
Inn Lustrafjorden.
Inn Lustrafjorden.
Idyllisk ved Jakobdalsholten.
Idyllisk ved Jakobdalsholten.
Stora Hånosi med snø på. Såta til høgre.
Stora Hånosi med snø på. Såta til høgre.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.