Nordafjellet og Holheia frå Songesand kai (30.07.2022)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Holheia (786m) 30.07.2022
Nordfjellet (723m) 30.07.2022
Besuche anderer PBE Bakken Gard (175m) 30.07.2022

Etter Jotunheim-turen gjekk vegen heimover, og planen var å få med meg dei to gjenverande toppane med pf≥50m i området lansert som Preikestolen Nasjonalpark. Både 786-toppen Holheia ovanom Bakken og Leitebakkfjellet ovanom Songesand skulle la seg nå på ein rundtur frå Songesand.

Det var 20 grader og flott sommarver ved avgang frå Songesand kai denne lørdags ettermiddagen, og ikkje fritt for at sveitten sila då eg toppa ut på Bakken 50 min. seinare. Det vart kort sagt «Hei!» og «Hade!» til hyttevaktene før eg fann stien vidare innover mot Myra og vidare oppover mot hytta på platået ovanfor. Herifrå vart det tung og stilaus bushing opp til munninga av Holmadalen (Kvæven) til eg kunne ta meg inn på svaene under Nordafjellet. Her var det nødling heilt til topps og det skrøpelege trigpunktet på denne vesle toppen som er navngitt på gamle kart.

Ved fint restaurerte Bakken under Steinfjellet
Ved fint restaurerte Bakken under Steinfjellet
Like innanfor Bakken med Nordafjellet beint imot
Like innanfor Bakken med Nordafjellet beint imot
¾ time seinare ved foten av Nordafjellet vel 300 hm lenger oppe
¾ time seinare ved foten av Nordafjellet vel 300 hm lenger oppe
Utsikt oppover Holmadalen (Kvæven) med 786-toppen sentralt i bildet
Utsikt oppover Holmadalen (Kvæven) med 786-toppen sentralt i bildet
Frå oppunder Nordafjellet med utsikt ut Lysefjorden. Me ser både Bakken og hytta på platået ovanom
Frå oppunder Nordafjellet med utsikt ut Lysefjorden. Me ser både Bakken og hytta på platået ovanom
På toppen av Nordafjellet der det framleis står eit skrøpeleg trigpunkt
På toppen av Nordafjellet der det framleis står eit skrøpeleg trigpunkt

Her oppe etter 2 ¼ timar på tur bles det ein litt kjølig vind, og eg var framleis så sveitt at vindjakka måtte på. Nå var verste stigninga gjort, og vegen gjekk enkelt vidare nordover høgdedraget og opp på hovudmålet med turen, 786-toppen som heiter Holheia på det einaste kartet eg har funne navn på. Her ½ time frå toppen av Nordafjellet var det som venta flott utsikt mot Holmatjødna, Tvaravatnet, Songesandheia og ikkje minst mot den bratte sørveggen på Holmaknuten.

Tilbakeblikk mot Nordafjellet
Tilbakeblikk mot Nordafjellet
Mot 786-toppen og Holmaknuten
Mot 786-toppen og Holmaknuten
Frå 786-toppen med utsikt mot Holmatjødna og ein flik av Stortjødna. Toppar i Krøys og Jørpelandsheia dannar bakteppet
Frå 786-toppen med utsikt mot Holmatjødna og ein flik av Stortjødna. Toppar i Krøys og Jørpelandsheia dannar bakteppet
Tilbakeblikk mot Nordafjellet der toppen med trigpunktet er bakerst til høgre
Tilbakeblikk mot Nordafjellet der toppen med trigpunktet er bakerst til høgre
Mot Tvaravatnet. I bakgrunnen sjåast både Hardhausen og Beinafjellet/Kvelvaknuten
Mot Tvaravatnet. I bakgrunnen sjåast både Hardhausen og Beinafjellet/Kvelvaknuten
Mot den bratte sørveggen på Holmaknuten. I bakgrunnen til venstre sjåast både Krøysaheia og Bergeheia
Mot den bratte sørveggen på Holmaknuten. I bakgrunnen til venstre sjåast både Krøysaheia og Bergeheia

Her vart det vendereis etter ein rask matbit, for eg var usikker på nedgangen til Songesandstølen og Leitebakkfjellet, så det får heller bli ein separat tur opp Sunnmorkbrekka. Returen vart lagt stadvis bratt ned langs bekkefaret, og etter kvart over fine romekledde myrer ut Holmadalen (Kvæven) og vidare heilt tilbake til Songesand kai. Finaste faunainnslaget var ein tårnfalk som jakta over Holheia.

Tidvis bratt retur ned Holmadalen (Kvæven)
Tidvis bratt retur ned Holmadalen (Kvæven)

Det freista storleg med eit bad i fjorden då eg var tilbake ved bilen, men manglande badebukse og handkle gjorde at eg droppa det. Oppsummert vart det ein fin 5-timarstur til denne bortgjømte toppen, fordelt på om lag 10,5 km og 950 hm.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.