Heftige linjer! (07.05.2022)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Storhesten (1.024m) | 01.05.2022 14:42 |
---|---|---|
Blånebba (1.320m) | 07.05.2022 | |
Besuche anderer PBE | Venjedalssetra p-plass (380m) | 01.05.2022 10:38 |

Etter overnatting ved Hustadvika. Gjekk morgenturen opp på Raudtua før lunsj besøk i Molde hos systra mi Barbro og Kevin med dei to jentene Selma og Leona. Spennande med det nye husprosjektet deira i Molde. Kevin som er ifrå Utah, ser ut til å trivast godt i dei norske fjella her som der han har budd og levd heime i sitt fjellrike, som bla. ein erfaren klatrer og ski instruktør. Kjekt at dei har valgt å flytte heim hit til stor glede :) Etter besøk ville eg oppom Julaksla, den var nesten snøfri. Nokre snøfonner igjen. Vidare litt usikker på kor ferden skulle gå. Etter siste tur på Bjørnlihaugen var det begynt å bli litt seint. Funderte litt på kor camping natt og neste dags tur i godveret skulle gå! Sende melding til ein kjenning og lurte på kor var det snøfritt for bilcamp! Takk for svar :) Roleg og fredleg var det på Venjesetra til natta med etterkvart ein flott og klar stjernehimmel. Vakna grytidleg av solstråler og etterkvart eit lass av biler med turglade folk. Hadde eigentlig ingen konkrete mål for dagen anna enn å være komt til Ålesund i femtida i løpet av dagen sånn ca. Lurte litt på kor alle desse skiglade hadde sine skiturplaner i dette området. :) Tok meg god tid til kaffekoking og nyte solvarmen før eg pakka tursekken. Valgte å luffe oppover dalen mot Blånebba 1320 og Storhesten 1024. Har sprunget Romsdalseggen løpet tidlegere og vore eindel til fots i fjella her. Så det var kjekt å få til skitur i området i eit så strålande 1mai ver. Kjekt å treffe på Tom Erik igjen på parkeringa, før vidare fart til Ålesund.
https://peakbook.org/tour/268675/Endelig+eventyrlige+Adelsbreen%252FRauma.html

Benutzerkommentare