Jølster/Naustdal: Grønlifjellet og Litlebottsegga (20.10.2012)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Indrebø (300m)
Endpunkt Indrebø (300m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 7h 30min
Entfernung 21,5km
Höhenmeter 1.780m
Karte
Besteigungen Grønlifjellet (1.385m) 20.10.2012
Litlebottsegga (1.345m) 20.10.2012
Skåhammarsegga (1.280m) 20.10.2012
Trollebottsegga (1.247m) 20.10.2012

For ein gongs skuld ga vi blaffen i å sjekke vermeldingane. Kanskje like greitt, turen hadde vel ikkje blitt i dag om vi såg kor det kom til å bli. Parkerte ved grensa til landskapsvernområdet. Vegen vidare var stengd og den er heller ikkje farbar med bil særleg langt. 30 kr bomveg opp hit. Brukbart ver då vi starta. Gjekk over brua og mot Brekka, vidare nordvestover opp Ålhusdalen til Skåhammarsegga 1280. Grensetopp mellom Jølster og Førde. Kort opp til Syskarnipa herifrå, men droppa den sidan vi var der før i år. Frå 900-1000 meter ein del snø, våt var den og. Kjende nokre regndropar mot toppen. Vidare ned i Gotdalsskaret og opp til Grønlifjellet. Nedbøren auka på og det same gjorde vinden. Etterkvart ein jæklige vind med sludd i kasta. Rett utriveleg. Stoppa knappt på toppen, gjekk ryggen vidare austover til Litlebotsegga. Liten gratulasjon her, ny topp for både meg og Lise. Berre å legge i vei til Trollebottsegga 1245 (Jølster 50m-lista). Ein god del blaute snø og mykje stein mot denne gjorde det tidkrevande. Så var det berre å følgje den merka ruta til Tolsbotnen og Gotdalstøylen. Godt å komme tilbake til bilen, ein meget sur dag i Sunnfjord.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.