Øvre Salen - Lærdal - Nydelig dag! :) (27.02.2022)
Geschrieben von Eikås (Janne Eikås)
Besteigungen | Øvre Salen (1.588m) | 27.02.2022 |
---|
Etter ein litt knotete tur opp på Søre Knipen med heller lite sikt og kraftig vind. Var det vidare superfint med planlagt kveld og natt i bilen til neste tur Øvre Salen. Kvelden vart nytta til å mimre filmen Fjolls til fjells. Eg trur det måtte komme som ein etterfølge av fallet i vindgryta på veg ned ifrå Søre Knipen :) Digger berre den filmen som var påskefilm nr 1 og med den legendariske hærlege Leif Juster i hovedrollen som hotellbestyrer Poppe. :) https://www.youtube.com/watch?v=v0dGJ3R7f_M
Yr hadde lova litt meir sikt og sol med påfølgande kuling på toppane denne dagen. Heilt greit, vind kan være fin musikk og nytelse å skue for øyre og syn. Gleda meg stort til å få nyte dagen med skue til gromtoppane i horisonten.
Benutzerkommentare