Vi parkerte ved Fjærlandstunnellen. På andre sida av vegen over brua finn ein merka sti retning Marabreen og Fjærland. Klassisk opp/nedgang Lundaskaret. Vi gjekk opp den bratte renna og møtte på snø etter kvart. Nordvend og skyggefull rute så seint på året. Godt å komme opp på kanten og møte sola. Etter ein kort matpause labba vi mot Tuva 1304. Det auka på med snøen og frå Tuva og opp var det delvis tungt å gå. På Sygnesandsnipa vart vi sittande ei stund og nyte utsikt og veret. Grovabreen i vest, Gjegnen, Skjorta, Ryssdalshornet og mykje anna lekkert å sjå. Vidare mot Kinnaklypnova (Jølster 50m-lista). Desse 2 toppane er grensetoppar mellom Førde og Jølster kommuner. Frå Kinnaklypnova vurderte vi å gå ned til Trollavatnet og demninga. Men sidan vi ikkje kjende forholda her valgte vi å gå opp og tilbake igjen mot Sygnesandsnipa. Herifrå fulgte vi spora våre nedover igjen. God mat/kaffipause før vi dukka ned i renna og skyggeland igjen. Ein veldig flott tur i storslagen natur. Lise og Torleiv var turfølge.
Benutzerkommentare