Dollsteinen med syn til forbruksmonumenta på Stadlandet! (15.01.2022)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Tourcharakter Fußtour
Tourlänge 0h 52min
Entfernung 2,2km
Höhenmeter 252m
GPS
Besteigungen Dollsteinen (227m) 15.01.2022

Eg setter stor pris på å få muligheten til å oppleve naturen vi har her vest! Dette var ein av dei turane med kontraster. Det er ingen selfølge at vi kan suse på! Alt innan nokre timar, så kan ein nyte storhavet, isbreane og høgfjellet og mangfaldet i dette. Eg føler stor lykke av å dra inn og sanse alle desse detaljane, filosofere, studere og undre seg over sammenhengen! Og det som oftast i fred og ro. Det kan også være for rastlausheita i kroppen til å oppleve, få ut energien. Eller fellesskapet ilag med andre, enkelte ganger! :)

Ei utsikt ein aldri kan få nok av.
Ei utsikt ein aldri kan få nok av.
Fascinerende å sjå havet bryte inn mot steile klipper og i fjell landskapet med alle dei fine strendene. Nydelig å kjenne den mektige havlufta og endå kunne høyre den artige lyden av den majestetiske havørna som seglar i vindstrømmane her ute!
Fascinerende å sjå havet bryte inn mot steile klipper og i fjell landskapet med alle dei fine strendene. Nydelig å kjenne den mektige havlufta og endå kunne høyre den artige lyden av den majestetiske havørna som seglar i vindstrømmane her ute!
Den kommande stormen bryt innover! Det er faktisk vindstille oppe på sjølve toppen av Dollsteinen i øyeblikket!
Den kommande stormen bryt innover! Det er faktisk vindstille oppe på sjølve toppen av Dollsteinen i øyeblikket!
Mot det mektige Stadlandet
Mot det mektige Stadlandet
Store kontraster ifrå storhavet oppe ved Stadhavet til Kjøsnesfjorden i Jølster på heimtur til kvelden. Med mektig natur på kvar sin fine måte :)
Store kontraster ifrå storhavet oppe ved Stadhavet til Kjøsnesfjorden i Jølster på heimtur til kvelden. Med mektig natur på kvar sin fine måte :)
God tid til ferga skulle gå! Så ekstra fint å bruke tid til å studere landet, havet og vind kreftene ifrå denne toppen! Meldt storm opp i orkan styrke neste døgn utover ettermiddagen. Ellers var det med vemod å sjå dei 5 nye vindmøllene på Stadlandet. Den blinkande lys støyen av dei var enorm i mørkningstida. Om kvelden etter heimkomst, vart eg spesielt oppmerksom på at det vart nemt på nyhetene. I eit innslag, der det vart på eit vis bedd/oppfordra forbrukerane om å tenke over forbruket av strøm. Ekstra spesielt var det også retta til næringsverksemdene og kva tiltak kan ein gjere i gamle og nye bustader. Mange næringsbygg står ofte også med full belysning 24 timer. Dette var eit innslag og ei "belysing" nettopp som eit tiltak og tanker for å unngå å bygge ut fleire vindparker og ta meir av den dyrbare naturen og mangfaldet vårt. Det var i grunn spesielt og flott å høyre dei argumenta og tankane! Då nytter det å argumentere og stå på for det ein meiner og tenker! På mine turar i høgfjellet spesielt i dei siste åra. Har eg lagt ekstra merke til og har aldri sett så nedtappa vannmagasin før. I 2021 var det heilt spesielt og nede på mindre enn eit minimum. Lokale folk vi kom i snakk med, kunne bekrefte alt dette. Og diskusjonen er felles med at FORBRUKET VÅRT MÅ NED. Alle lyt nok gå i seg sjølv i desse reknestykka! Det tar nok litt meir tid kanskje å ta innover seg for oss/dei som har mykje ifrå før av goder i samfunnet. Der vi lever i våre bobler. Det mest skremmande i debattene no når alle må betale dyrare straum fordi vi som forbrukerar & eigarar har levd i sus og i dus ganske lenge. "No kjem prisen og vi har ikkje råd til å betale" Så må jo alle forstå at vi må bygge ut endå meir av naturen som vi elsker å vise alle prestasjonane våre i. For vi trenger jo endå meir strøm til forbruket vårt og alle elbilane som er "klimavennlige" og som fakstisk eigentlig vil koste meir nedbygging av naturen. Skal tru om vi kjem i havn i regnestykket! Uansett er det veldig trist å sjå monumenta for forbruket vårt stå på eit så vakkert naturplatå som Stadlandet. Samt vite kor mykje energi utbyggerane har brukt i forkant for å pløye opp lyngheiane med eit hav av båtlaster med stein som fundament og motorveier til dei enorme møllene. Fordi dei ikkje har gjort jobben sin i forkant! Det i seg sjølv er ei skam. Eg kjem aldri til å godta dette synet så lenge eg lever!
Dei første fem møllene...på Stadlandet!
Dei første fem møllene...på Stadlandet!

https://motvind.org/okla/

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.