Storaberget (09.03.2021)

Geschrieben von Augustusogmegpaatur

Startpunkt Hogstad (57m)
Endpunkt Hogstad (57m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 00min
Entfernung 8,0km
Höhenmeter 410m
Karte
Besteigungen Grastofjellet (300m) 09.03.2021
Storaberget (342m) 09.03.2021

Turen til Storaberget er ein skikkeleg flott tur som du så absolutt bør få med deg! Fra parkeringsplassen på Hogstad (som ligg like på høgre sida av fv516 mot Hommersåk) følger du skiltinga vidare forbi garden og ned bakken. Vidare er skiltinga god heile vegen, forbi det gamle vassverket som tyskarane bygde under krigen, vidare innover mot Grindavatn og så oppover mot Storaberget. Me tok òg ein liten svipptur oppom Grastofjellet på vegen. Oppe på Storaberget er utsikta heilt fantastisk: du ser langt innover Ryfylke og likeins vestover til havs.
Du må gå ned frå toppen same vegen som du kom opp, men etter at du har passert det fyrste vatnet, går det an å gå ein rundtur tilbake til Hogstad. Rundturen utan Grastofjellet er på drøye 7 km, men med avstikkeren me tok, kjem du opp i ca 8.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.