Skorve Gøysen (15.10.2021)
Geschrieben von ersystopo (Erlend Råheim)
Besteigungen | Skorvetoppen (1.370m) | 15.10.2021 |
---|
Naudsynt ærend i tindebyen Drammen, og då er det kort veg til Telemark.
Det er noko med fjell ein har sett på sidan ein byrja med å sjå på fjell. Om Skorve/Gøysen vart eg fortalt at den tydelege renna over Flatsjå utvida seg kvart år, slik at eit fjellskred ville verte utløyst med dei konsekvensane det ville få. Eg har ikkje sett fleire referansar på dette fjellet i høve til stabilitet og fare, so då veit eg heller ikkje kvifor dei vaksne var opptekne av akkurat dette fjellet.
Parkering i eit lite sandtak til ein ikkje-spekulativ pris (ok, sumarstid er det ikkje noko tilrettelegging heller). Oppover på sti. Det durar i det fjerne, kjem nærare, og so stend det eit fråstøytande unyttekøyretøy på ein sideveg. Eg tenkte ikkje meir på det oppover kjerrevegen, som i dei brattaste partia er full av grovt erosjonsprodukt, som må vere typisk for Telemark og kvartsittregionen.
Inn på mindre sti, og Karlstaul vert passert. Vidare opp på snaufjellet kjem kjerrevegen inn, og her har og firehjulsvandalar vore i fortsetjinga av denne. Det bles hardt, temperaturen kryp under 0 og tynne treningstekstilar gjer det naudsynt å planlegge kvar stopp. To fortreffelege ungjenter kjem ned. Kanskje friluftsstudentar i Bø?
Som forventa gjev toppen eit bra rundsyn. Mot nord og vest står véret på, med byger og berre tidvis skimt av Totak bakvegg og Gausta. Mot sør og aust byrjar kveldsstemninga å ta over.
Ned att utan feiltrakk og frostrier. Kinamat (anbefalt for dei som vitjar Seljord), so ro for natta på Hovstø.
Benutzerkommentare