Eg må innrømme det, Gjesdal er ein kommune og eit område eg er svært lite kjend i. Kongeparken og outlet'en på Ålgård er liksom det eg har forbunde med Gjesdal. Men no har eg etter kvart skjønt at det er utallege flotte turområde her! Håfjellet er eitt av dei! Turstien startar ved Gjesdalhallen. Turen er merka, men det var litt vanskeleg å finne merkene på starten av turen då det var ein del anleggsarbeid og midlertidige gjerder då me gjekk, men etter litt leiting og aktivt bruk av kart, fann me att stien og kom oss ned til Flassavatnet og følgde stien her. Deretter bar det oppover i lia i lettgått og herleg terreng å vandre i. Og at utsikta på toppen er god, er heller ikkje eit minus! Me gjekk rundturen ned på "framsida" av fjellet forbi sauebeite i nydeleg kulturlandskap.
Ein treng verken gå spesielt langt eller høgt for å få flotte naturojplevingar!
Benutzerkommentare