Segestad (05.08.2021)

Geschrieben von Augustusogmegpaatur

Startpunkt Glomnes
Endpunkt Glomnes
Tourcharakter Wanderung
Entfernung 3,0km
Höhenmeter 314m
Karte
Besuche anderer PBE Segestad (314m) 05.08.2021

Eit pittelita perle av ein tur! Me parkerte mellom Glomnes og Hjelle på ein liten opparbeidd parkeringsplass, og følgde merka tursti oppover skråninga til den gamle fråflytta fjellgarden Segestad. Turen er nokså bratt, men når han er så kort som han er, så er du oppe på ein liten halvtime. Eller, me brukte noko lenger tid for me berre MÅTTE stoppe og nyte utsikta over det grønblå Oppstrynsvatnet fleire gongar. Det er berre så himla vakkert!
Garden som ligg på ei fjellhylle, stupbratt ned til vatnet, er som sagt fråflytta, men var i si tid visstnok den største garden i området. I dag er han open på dagtid i sesongen, og hus og innventar er intakt. Veldig kjekt å sjå!
Hadde me planlagt dagen vår litt annleis og vore klar over at me kunne gått lenger oppover for så å krysse Glomneselva og komme ned igjen på andre sida, hadde me tatt det som ein rundtur. No gjekk me i staden same veg ned igjen, men me ein liten svipp bortom Glomnesfossen. Og igjen, hadde me planlagt dagen annleis, hadde det nok blitt ein dukkert! Så, no veit me det til neste gong - for det SKAL bli ein neste gong!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.