Rundtur på Steinfjellet frå Songesand kai (18.09.2021)
Geschrieben von Kaare_70
Besteigungen | Splitthorn (725m) | 18.09.2021 |
---|---|---|
Steinfjellet (793m) | 18.09.2021 | |
Besuche anderer PBE | Bakken Gard (175m) | 18.09.2021 |
Denne turen til avsidesliggande Steinfjellet ovanom Bratteli/Bakken har stått på gjere-lista mi lenge, og denne fine, men litt vindfulle haustdagen vart det alvor. Eg kunne ha spart anmarsjen frå Songesand kai til Bakken ved å ta Lysebåten, men valde å gå langs fjorden for maksimal fleksibilitet med tanke på tida. Det er uansett god og T-merka sti der, og turen opp til Bakken var unnagjort på bare 45 min.
Dette var første besøk for meg på Bakken, utruleg nok. Me var i Bratteli og heilt til Myra frå Preikestolhytta tilbake i 1998, lenge før Bakken var ferdig restaurert, men me fann aldri Bakken den gangen. Nå framstår staden som eit retteleg smykkeskrin, og eg får koma tilbake for overnatting ved eit anna høve. Dei einaste folka eg såg på denne turen, var forresten på Bakken, ellers var eg heilt aleine i heia.
Det tok bare eit snaut kvarter å gå til Myra, og dermed var ringen slutta frå turen i 1998. Men mi utfordring var nå å finna stien som skal gå opp til hytta som ligg på ca. 400moh ovanom Bakken. Dessverre fann eg aldri stien - fordi eg leita i retning Myra og ikkje i retning Skurvedalen, viste det seg - og det vart 225hm tung bushing opp den tettvaksne lia. Likevel gjekk óg dette unna på kjappe halvtimen. Eg hadde håpa å treffa folk på hytta som kanskje kunne hjelpa med navn i området, men det var bare vimpelen som vitna om liv. Det var ellers tydeleg at dei ikkje ville ha besøk, for det var både viltgjerde og portar merka «privat».
Men eg skulle vidare like bratt og ulendt til topps på Steinfjellet og følgte eit bekkefar litt lenger aust til topps. Etter snaue 2 timar på tur toppa eg ut på det vesle høgdepunktet på 755moh sør for 718-tjødna, og her kunne eg ta fjellmassivet i nærare augesyn for første gang. Ikkje uventa var det svært mykje stein på det småkuperte platået, og dessutan ein del småvatn. Utsikten eg hadde gleda meg til såg óg lovande ut, og eg drog alt kjensel på Bratteliknuten vestanfor.
Men første skikkelege høgdepunkt på turen - både bokstaveleg og symbolsk - var 728-toppen lengst i nordvest, Splitthodnet som toppen heiter på gamle kart. Denne framstikkande toppen som eg har sett så ofte frå Jørpelandsheia måtte garantert ha flott utsikt. Vegen vart derfor lagt vestanfor 718-tjødna og til topps, 40 min. frå førre høgdepunkt. Og Splitthodnet skuffa ikkje; som venta var utsikten over Kvednavatnet og Longavatnet førsteklasses, og dessutan over Skivatnet frå tvillingtoppen like nordanfor. Heile topprekka frå Bratteliknuten til Reinaknuten i Jørpelandsheia var kjennesleg, i tillegg til Liaknuten og Vardhusheia på kvar si side av Longavatnet. Det var óg kjekt å kjenna att terrenget i Krøys etter den fine maituren min inn dit frå Målandsdalen.
Vidare mot hovudtoppen på Steinfjellet hadde eg først tenkt å holda høgda, men fann ut at det vart så lang omveg at eg valde å sleppa meg bratt ned i søkket aust for Splitthodnet og vidare mot toppen. Om eg sparte tid på dette kan diskuterast, men eg sparte nok litt krefter. Den første vardesette toppen viste seg å vera ein fortopp, og vidare måtte eg passera eit bratt skard før eg kunne innkassera den lite markerte - og eg vil tru lite besøkte - hovudtoppen. Kjekt å endeleg stå her etter å ha sett Steinfjellet så mange ganger på kartet. Det tok meg om lag 50 min. å gå hit frå Splitthodnet.
Vidare austover var det ei ny fin oppleving å sjå Stortjødna og ikkje minst Holmatjødna med den markerte Holmaknuten. Her vart det ein kort matpause før eg valde å returnera ein dryg km tilbake til der eg kom opp på fjellmassivet. Planen hadde opprinneleg vore å få med seg ryggen på den andre sida av Holmadalen (Kvæven), men lang heimveg og tidvis krampe i lårmuskelen i dei siste oppoverbakkane gjorde at eg trekte halen mellom beina. Turen hadde uansett vore svært innhaldsrik, og den ryggen kan lett tas på ein separat tur over Holmaknuten.
Returen gjekk bratt ned mot hytta nokonlunde same veg som opp, men eg kom ned litt aust for hytta og fann tilfeldigvis stien ned mot Skurvedalen og Myra. Den kjem til stor nytte neste gang. Tilbake på Bakken snaue 4 ½ timar etter at eg var innom sist, så ein ny kort pause før retur til Songesand kai.
Fasit vart om lag 13,5 km, 1100 hm og snaue 6 timar på tur. Fine faunainnslag med ein tårnfalk, 10-12 heiloar og like mange ryper i to flokkar.
Benutzerkommentare