Lotedagen og Sagetendane (29.08.2021)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
Besteigungen | Sagtennene (1.023m) | 29.08.2021 21:17 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Utkikkspunkt sørøst for Sagetindane (809m) | 29.08.2021 21:17 |
I dag fekk familien endelig hengt oss på Lise og Vinjar på fjelltur på Lote! Dei skulle på Lotsbygda sin årlige fjelltur for kaffidrikking og småprat. Dette måtte ein sjølvsagt få med seg!
Turen gjekk opp til eit vatn ved vegen mot Sagetendane, så dette var tilgjengelig for dei fleste i familien. Vinjar og Eskil fann tonen godt, og den gode stemninga gikk på bekostning av framdrifta. Dette plaga somme meir enn andre. Minstemor fann også mykje å sjå på langs grusvegen: kuskit, stein, grus... vi nevner i fleng. Det var med andre ord rikelig med tid til å studere den flotte utsikta dei har på Lote.
Men det vart kaffi på oss til slutt. Og somme våga seg tilogmed uti og bada.
Deretter måtte man jo så klart på ein topp, og då ville gutane til sendaren på Sagetenden, for her var det mykje flott rusk og rot som låg slengt rundtom etter bygginga. Så medan Olina og Mari sette kursen mot bilen gikk vi andre oppom toppen. Her fann gutane ledningsstumpar og metallskrammel som dei kunne ha med heim.
Nydelig utsikt her oppe, og med all skodda på Sunnmøre kunne ein igjen fastslå at "Solmøre" berre finnast på Instagram.
Så tok vi snarvegen rett tilbake til sætra, og her traff vi både lemen og orrfugl nedi bakkane. Ja, dei har det bra på Lote - det er sikkert og visst!
Deretter var det middagstid for oss, og vi enda med burger på Aske på Eid, medan Vinjar og Lise gjekk til kakebordet på Lotsstøylen.
Takk for ein strålande tur i fantastisk vær!
Benutzerkommentare
Veldig kjekt turfølge
Geschrieben von ligroenb 29.08.2021 22:26Meget flott dag ble det og det var svært så kjekt at de to guttene fant tonen ilag. Dette må gjentas!