Sætredalsfjellet og Fivelstadnibba (03.08.2021)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
Besteigungen | Sætredalsfjellet Sør (1.482m) | 03.08.2021 18:11 |
---|---|---|
Sætredalsfjellet S1 (1.440m) | 03.08.2021 18:11 | |
Sætredalsfjellet (1.526m) | 03.08.2021 18:11 | |
Søre Fivelstadnibba (1.198m) | 03.08.2021 18:11 | |
Fivelstadnibba (1.209m) | 03.08.2021 18:11 | |
Besuche anderer PBE | Sæter p-plass (290m) | 03.08.2021 18:11 |
Freelance-tur på ein tirsdag med Kroksleiven - valet fall på Sætredalsfjellet. Og då måtte sjølvsagt også Fivelstadnibba med.
Underteinka klaga på tunge lår opp bakkane, og skulda på koronavaksine. Men det kan også ha vore bakkane si skuld - for denne turen hadde lange bratte bakkar i fullt monn.
Først greit på sti opp frå Fivelstad til trimposten. Her opna den fine Sætredalen seg. Men vi skulle rett opp fjellsida mot Sætredalsfjellet - ein uendelig brattbakke av gras og lyng. Deretter litt klyving opp til Sætredalsfjellet sør, som baud på upåklagelig utsikt mot Hellesylt og stryn! Og greit bort på sjølve Sætredalsfjellet, med enda meir upåklagelig utsikt mot Slogen og kompani. Så heile bakken nedatt.
Men vi var ikkje ferdige med det - Fivelstadnibba hadde ein nesten like lang og bratt bakke, så det var berre å kome seg avgårde. Vi passerte ein kar frå Rogaland med skistavar opp i ura, og han var også den einaste vi såg denne dagen. Det gikk radig opp bakken, og vi toppa ut i renna mellom sør- og hovedtoppen. Eg tok ein snartur innom sørtoppen medan Kroksleiven studerte noko som likna ein sti ned renna mellom toppane. Det gav virkelig ikkje meining i denne bratte veggen - er det her fivlingane tar saudene til fjells skal tru?
Fivelstadnibba kjem på kremtopplista mi med stolt profil luftig utsyn og flott utsikt. Den får litt trekk for ruskete adkomst, men dette var berre enda eit pluss meinte Kroksleiven - fint med lite folk.
Deretter var det strake vegen nedatt, og til alt overmål slo Kroksleiven til med stiløping dei siste par hundre høgdemetrane!
Takk for turen Torleiv!
Startzeitpunkt | 03.08.2021 09:35 (UTC+01:00 SZ) |
Endzeitpunkt | 03.08.2021 16:29 (UTC+01:00 SZ) |
Gesamtzeit | 6h 53min |
Zeit in Bewegung | 5h 20min |
Pausenzeit | 1h 33min |
Gesamtschnitt | 1,7km/h |
Bewegungsschnitt | 2,2km/h |
Entfernung | 12,0km |
Höhenmeter | 1.977m |
Benutzerkommentare