Horgehorna (05.06.2021)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 38min
Entfernung 12,2km
Höhenmeter 1.100m
GPS
Besteigungen Horgehorna sør (1.503m) 05.06.2021 14:40
Horgehorna (1.505m) 05.06.2021 14:45
Besuche anderer PBE Klantenovi stistart (481m) 05.06.2021 12:43

Fint varmt ver, overskya, med snev av sol. Sidan skisesongen er på hell, og dei fleste raude toppar i Lærdal er frå 1300 meter og opp, passa det med ein sydvendt topp i dag. Snø vart i motsetning til sist helg, ikkje noko problem. Det hadde smelta godt, og dei få fænnene som var, kunne unngåast. Ruta byrja ved del av den legendariske Kongevegen i Lærdal. Eg gikk frå aust på Vindhellavegen, opp til skaret. Derifrå er det merket til Åsen, og vidare heilt til vatningsveiter opp mot 1200 moh. Øygardsbotnen er eit vakkert område. Derifrå er det å finne ei god rute til toppen. Nydeleg tur, og god utsikt. Returen la eg om dei to Liastølane, Øvre og Nedre, og kom att ved Li overfor bru til Lo (Borgund kraftverk). Nokre hundre meter å gå langs asfaltveg tilbake til start-punktet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.