Veslfjelltinden pluss 2 (15.05.2021)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 6h 35min
Entfernung 15,9km
Höhenmeter 1.134m
GPS
Besteigungen Hurrbreatinden (2.060m) 15.05.2021 11:07
Veslbreatinden (2.092m) 15.05.2021 11:07
Veslfjelltinden (2.157m) 15.05.2021 11:07

Fin tur med Lærdal turlag på Sognefjellet. Denne turen har vorte avlyst tidlegare år, og det var mitt ansvar å vere turleiar. Vêret var meldt vanskeleg, med sterk vind 10 -12 under 48 timar før start. Det vart nokre rundar med yr og storm, og kl 18 kvelden før, beslutta eg ja til tur. Vind meldt løya, og om morgon enno betre.

Frå Krossbu litt over kl. 11. I det vi kom litt oppover kurskorrigerte vi for å unngå gjennomslag-snø på tur opp. Vi følgde ruta mot Veslbreatinden. På spørsmål til gruppa etter ei tid, vart det avgjort å gå på toppen av Veselbreatinden før Veselfjelltinden, som var dagens hovudmål. Ein matpause gjorde godt etter vel halvanna time. Etter fyrste topping gikk dei fleste oppom Hurrbreatinden, før vi rasta i skaret mellom denne og Veselfjelltinden.

Siste topp gikk greitt, men vi måtte vere varsame nedatt grunna steinrabbar og snø som ikkje bar oss alle stader. Turen gav oss ei flott utsikt heile dagen. Særleg mot Breheimen, som var velsigna med sol, medan vi hadde overskya. Heldige var vi likevel som unngikk skodde på toppane. Storebjørn låg i skodda heile denne dagen.

Retur vart lagt til dalføret mot Nufsefonne, der vi la kurs litt høgare meir sør ved nokre småvotn. Noko gjennomslag-snø som venta. I ei brekkje var det litt vanskeleg å finne optimal rute, og vi enda i to grupper som valde ulikt. Vi var forsiktige, og alle kom trygt ned. Utstyret varierte med 8 på fjellski og 6 med Randonee. Sistnemde var best eigna og tryggare i dag, sjølv om sugeføret til sist ikkje baud opp til tøff køyring. Det skal seiast, at ein får godt med luft rundt seg frå Veselfjelltinden. Ein fin utsiktstopp, med meir ope landskap også, i tillegg til toppar i Breheimen. Vidare ligg heile Jotunheimen sørover for seg. Takk for ein fin dag.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.