Nisedalsfjellet og Jernhetta rundt (17.04.2021)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 5h 09min
Entfernung 21,7km
Höhenmeter 707m
GPS
Besteigungen Nisedalsfjellet (1.379m) 17.04.2021 09:49

Deler av turen var med Lærdal turlag. Heile 28 folk på fjellski-tur rundt Jernhetta i Aurland kommune. Turen starta ved Vardahaug bru opp Erdal i Lærdal kommune. Dagen var skyfri, og føret viste seks på terningen. Nokre få minus ved start. Betre får ein det ikkje. Turfolka var frå Lærdal og Aurland, samt nokre frå Sogndal kommune. Særs kjekt når vi er folk frå fleire kommunar.

Alle storkosa seg innover Modlaugsbotn, og opp Soleibakkane på silkeføre. Berre smil å sjå. Etter vel halvanna time gonge og nokre småpausar vart det matrast med utsikt til Flåm og baksida av Blåskavlen, med dens dramatiske botnar og ryggar. Fantastisk !!! Nokre valde å gå opp på toppunktets Jernhetta. Då ser ein omlag heile rundturen. Eg hadde fått løyve hjå turleiar å gå solo til Nisedalsfjellet. Aurlandstopp med utsikt til fjorden og Aurlandsvangen.

G for ein fantastisk avstikkar dette var. Nydeleg køyring ned på bandet. Og fjellet opp var fullstendig kvit-dekka. Ikkje ein stein å sjå. Fint opp i laus snød, ca 7 -10 cm djup. Gikk forbi toppunktet, og ut på ein varde. Nydeleg utsikt. Så fin køyring nedatt, og lett bort til Kraftlagshytta. Såg turfølget gikk frå hytta då eg såg den. Nådde att nokre av følgjet på tilbakevegen. Ein flott dag i fjellet, og ferdig med 100 pm fjella i dette området mot Aurlandsfjorden. Men alle andre står att. Gleder meg til fleire turar i Aurland kommune.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Helt kvitt

    Geschrieben von PeakFloyd 19.04.2021 20:53

    Fine bilder dette Einar, og like kvitt som når e va der i fjor.

    • -
      avatar

      Sv: Helt kvitt

      Geschrieben von Esone 21.04.2021 16:17

      Svært kvitt og jomfruelig fjell der ja :) Det var ein fantastisk dag.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.