Høgelia (03.04.2021)
Geschrieben von reikri (Reidun Kristiansen)
Besteigungen | Høgelia (527m) | 03.04.2021 |
---|
Parkerte ved parkeringsplass i Bosdalen. Fulgte merka løype mot Kvamsølen til ei høgd og tok sikte på ryggen oppover etter eit stykke. Fulgte ein del dyretråkk og traff på sti då eg var ved varden og tok sikte på toppen. Toppen var ikkje merka noko spesielt. Men vardane var sett litt lenger mot sør, der den beste utsikta var. Ved den største varden gjekk det ein sti. Eg fulgte den eit stykke før eg tok av til venstre ned lia. Brukte gps for å sikte meg tilbake der eg kom frå. Etter eit lite stykke ned i lia fann eg tilbake til den merka løypa frå Kvamsstølen og fulgte den tilbake til bilen.
Lett snøfall på veg nedatt gjorde at utsikta ikkje var den beste. Dette er nok ikkje den mest brukte fjellturen i området.
Benutzerkommentare