Ljøsuregga (09.02.2021)
Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim)
Besteigungen | Ljosuregga nord (1.206m) | 09.02.2021 17:56 |
---|---|---|
Besuche anderer PBE | Furuhogane (490m) | 09.02.2021 17:56 |
Planen for dagens formiddagstur var Storetoren, som eg har tenkt på lenge. Godt driv opp trekket og deretter vidare til Ljosuregga. Ein gjeng med truger her oppe ved varden, såg tungt ut. Deretter bort til høgste punkt. Og brått vart det rimelig luftig. Fantastisk utsikt til fjord og fjell, og ikkje minst til torane og Felden.
Men skulle eg prøve meg på sjølvaste Storetor? Det var spor ned egga til skaret, der det gikk eit skispor nedover langdalskopen. Ingen hadde gått opp renna til Storetoren, og herifrå såg den bratt ut. Nei, dette ville eg ikkje byrje på her aleine. Så eg tusla tilbake til skitoppen, og stod ned ljosurdalen. Litt oppkøyrt, og snøen har blitt litt vindpåverka, men framleis kremforhold.
I etterkant har eg fått høyre at renna ikkje er så bratt som den ser ut, men uansett greit å vere fleire i følget om ein skal opp her tenker eg.
Benutzerkommentare
Kein Titel
Geschrieben von ligroenb 09.02.2021 22:13Har gått opp der på vinterføre men da hadde vi med isøks, kan være greit om det er hardt under snøen, men ellers ser den verre ut fra avstand enn den er :-) uansett kjekt å være et par stykker!
Sv:
Geschrieben von kobbenes 10.02.2021 08:05Høyrest fornuftig ut!