Byrnesnova (27.09.2020)
Geschrieben von agnar (Agnar Åsnes)
Besteigungen | Byrnesnova (472m) | 27.09.2020 12:40 |
---|
For å bli ferdig med Hyllestad, valde eg å gå med eigen båt frå hytta på Straumsneset. Har difor venta på rette dagen, med lite vind. Tok ca ein time fram til Ytre Skorpa. Her vart vi overraska av fin hamn, og eit velholdt hus oppe i bakken. Tydeleg at plassen er brukt, og helden vedlike.
Vi gjekk mot nordvest frå huset, oppover eit berg. Tørt og fint, og god friksjon på konglomoraten, så det gjekk kvikt oppover til rundt 300moh. Her skulle vi teke mot øst, men vi heldt fram oppover, og kom for langt vest, så det vart litt opp og ned mot toppen. Flott utsikt i det nydelege veret. Tilbake tok gjekk vi ned lenger øst, men det var ikkje nokon fordel. Enda opp i eit trangt skar, og med einer som vanleg. Fann fram etter litt, og kunne ta båten til andre sida av øya.
<gallery>
Benutzerkommentare