Super topp - heldige med været (26.09.2020)  6

Geschrieben von bakken59 GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 45min
Entfernung 6,5km
Höhenmeter 917m
GPS
Besteigungen Innerbergsalen (907m) 26.09.2020

Etter Smøla-toppen stoppa vi på Edøy der eg måtte sjå tomta for vikingskipsfunnet som «mine» gutar fann vha georadar i fjor. Kyrkja låg heilt fantastisk til, vêret var perfekt og kulturlandskapet var velstelt og nydeleg. Kontrast til Kuli som har vore tilsvarande høvdingsete ein gong. Noja, vi tok ferga og køyrde til Stabblandet, der vi tok av mot Soleim. Køyrde heilt inn til liten parkeringsplass rett før merkt stig mot Innerbergsalen. Turen var tredelt, først bratt opp stig i skog. Stigen fall tidvis saman med ein bekk. Så utsiktspunkt på 375 moh, derifrå stig i myrbakkar nokre hundre hm. Dinest ur og noko lyng til topps. Vi møtte ein kar frå Orkanger akkurat i skiftet mellom myr og ur. Hans andre besøk, men første i sol. Då vi kom opp var det sol, men det dreiv dessverre ganske raskt ei tynn sky innover toppen, vi hadde utsikt, men det blei skikkeleg surt. Så vi rasta veldig raskt, og starta nedturen som vi hadde nydeleg ettermiddagssol på. Ingen uhell i den bratte skigsstigen, og nede ved bilen etter 3 timar og 45 minutt, 917 hm og 6,5 km. Vi såg ei ørn på vegen opp.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Var du på Hjelmen?

    Geschrieben von bakken59 27.09.2020 08:51

    Kvar går turen i dag?

    • -
      avatar

      Sv: Var du på Hjelmen?

      Geschrieben von Stigun 27.09.2020 09:02

      Hei. Ja, var på Hjelmen(og Snøfjellet senere på dagen) Prøver meg på Lauparen i dag, om bena lyster.) Enn dere, hvor bærer det hen?

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Var du på Hjelmen?

        Geschrieben von bakken59 27.09.2020 09:04
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Var du på Hjelmen

          Geschrieben von Stigun 27.09.2020 09:14
  • -
    avatar

    Jeg så dere

    Geschrieben von Stigun 26.09.2020 23:14

    nesten i dag! Innerbergsalen er virkelig en kremtopp; gratulerer!

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.