Lang tur i flott terreng og i supert vær (04.07.2020)  6

Geschrieben von bakken59 GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 6h 47min
Entfernung 25,0km
Höhenmeter 1.413m
GPS
Besteigungen Hallvardtinden (980m) 04.07.2020
Nordtoven (995m) 04.07.2020

Denne turen hadde eg tenkt som skitur, men i vår blei det ikkje tur til Mo i Rana, og når værmeldinga plutseleg snudde, og det var meldt stor gul sol og lite eller ingen vind, blei det Nordtoven på beina. Eg vurderte å gå frå Elsfjorden, men at det var stigar halve vegen avgjorde. Litt deilig når ein ikkje er kjend, og når det var så mykje snø i fjellet som det er no.
Køyrde inn vegen mot Neverli og stoppa der bommen var (open), men privat veg var tydeleg kommunisert. Det var bra, for eigarane møtte eg etter kvart. Då var det deilig å ha oppført seg ordentleg! Fin grusveg med grasparti i midten. 2 km inn til Neverli. På Neverli møtte eg to karar som arbeidde med å rydde nokre trær. Dei inviterte meg på kokegropkokt kjøt når eg kom nedatt!
Gjekk så vidare over tunet i det øvre Neverlibruket, følgde stig i bjørkeskog, kryssa vel i alt tre eller fire bekkar eller småelver før eg kom til den store elva. Den kryssa eg ikkje, for stigen følgde fossestryka oppover på høgre side. Opp til høgre låg ein rund nut folka på Neverli kalla Runden. Den kom eg opp på oversida av. Derifra var det fine vardar og stig oppover heilt til Middagsfjellet. Gjekk over fjellet og passerte den vesle tjønna (624) på oversida. Og så var det over ei høgde til før eg starta på sva- og snøpartiet. Eg heldt til høgre og gjekk så mykje eg kunne på tørre sva, men også ganske mykje på snø. Å halde til høgre var ikkje så lurt, for eg måtte klatre bratt ned og hamna i ei djup renne som det var høge snøskavlar rundt. Måtte til slutt klatre opp ein bratt snøkant ved å lage meg trinn i snøen. Litt høg puls der, for det var stein under meg. Derifra gjekk det greitt på snø med nokre sva innimellom opp til Hallvartinden. Der såg eg toppen for første gong, måtte ned først og opp etterpå. Men greidde å gå på berg heile vegen ned, og for ein del oppover. Siste strekket til toppen labba eg på snø. Utruleg flott utsikt i alle himmelleier, og Tomma med Tomskjevelen var kanskje det mest i augnefallande, med Træna bak. Men for alle del, Okstindane, Dei sju søstrene og Dønnmannen var det også lett å kjenne igjen. Rasta i le ved varden, og starta ganske pigg på heimturen. Det er rart med det, kor trygg ein kjenner seg når ein har gjort seg kjend med terrenget den eine vegen! Gjekk mykje smartare rute tilbake, om nokon ser på sporet mitt, er sporet tilbake det beste, i allefall på slikt snøføre eg hadde i dag.
På Neverli blei eg ganske riktig bydd på elgkjøt kokt i kokegrop, krydra med lokale urter. Salat og drikke vanka det også. Veldig hyggjelege folk, den eine var kollega med sonen min viste det seg. Toppturane byd ofte på slike bonusopplevingar, tykkjer eg.
25 kl, 1413 hm, 6 t og 50 min netto, 7 t og 25 brutto. Gjekk aleine.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.