Helgenosi og Raudnosi (01.07.2020)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Startpunkt Hola (550m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 8h 30min
Entfernung 21,2km
Höhenmeter 1.266m
GPS
Besteigungen Helgenosi (1.584m) 01.07.2020 16:20
Raudnosi (1.642m) 01.07.2020 18:10

Frå plan A om fire Lærdalstoppar blei det plan B og to nye toppar. Starta i Hola i Råsdalen, på ca. 550 moh. Bratt opp, og inn den lange tronge Vindhelladalen. Fint, men mykje tilvakse kratt og ei ur. Det hadde regna om natta, så ikkje den beste dagen for denne turen. Vel oppe ved Hadletjørn, vart det stopp på plan A. Baska i grovt vier-kratt ved osen, over nokre småelvar. Då eg kom til hovudelva, måtte eg kapitulere. For djupt, og for stritt. Ja-ja. Gjennomblaut på føtene, då eg alt hadde trakka til knes. Då vart det plan B, og på trass av sokkeskift, ein lang dag med blaute sko.

Fint vidare opp bratta, og skrådde i ein naturleg boge mot Helgenosi. Prøver å gå reasjonelt, då det er mange småryggar og haugar. Møtte ein god regnkave, så opphald, sol i 2 min, før det kom ei kjapp kraftig snøbyge. Mykje stopp, med av og på klede, alt etter veromslag. Etter kvart på Helgenosi, der fyrste punktet var toppen. Raud nål og automatisk registrering fungerte ikkje i dag. Men sporet i Peakbook-appen fungerte. Retur mykje same rute, men dreia sørvest for å tangere osen ved Raudvatnet. På nytt vatn i sko, då det var høg vassføring her også. Greit og kjapt opp til Raudnosi. Ein del skrentar her, men eg drog nytte av snøfelta. Flott utsikt frå Raudnosi. No såg eg at det var enorme mengder snø innover Lærdalsfjella. Plan A hadde ikkje fungert i dag i alle fall. Utsikta ned Vindhelladalen og dalføra nedanfor, viser den mektige naturen her. Fjellet Helgenosi, kom tydeleg fram som eit platå mellom Vindhella/Råsdalen, og Sendalen/Slettedalen. Noko langt og seigt nedatt sjølve Vindhelladalen, men smal sti, mykje kratt, og svært sleipe steinar. Men kom meg heil netatt, etter eit par småfall. Då er 80 % av Lærdalstoppar 100 p.m. fullført.

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Manndomsprøve

    Geschrieben von PeakFloyd 02.07.2020 22:44

    Skjønner at dette ble en tung tur Einar, med så mye snø og vatn og regn. Bra prestasjon å gjennomføre denne turen, husker godt hvordan det var inn og ut dalen.

    • -
      avatar

      Sv: Manndomsprøve

      Geschrieben von Esone 03.07.2020 14:14

      Jau takk. Vi slit litt no, då ski er på hell, og fottur litt for tidleg ;) Ein vakker august-dag, då er desse fjella som vakrast. Men jakter tur, og likar best fjellet over tregrensa.

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.