Det er framleis bra med snø på Valdresflya, og vi avslutta vi pinsa med ein ettermiddagstur til Rasletind. Det flotte pinsevêret held fram og vi gjekk i shorts heilt til topps.
Vi gjekk "sommerløypa" og det var greit føre opp til Øystre (2010).
Det vart litt ski-bering ned frå denne fortoppen, og deretter greit opp til Rasletinden.
På nytt litt bering ned frå toppen og så rusla bort til Sørvestre Rasletinden. Med sine 10 meter primærfaktor rager denne steinhaugen av ein topp høgt på lista over dei aller stusslegaste fjelltoppane i Noreg. Men dette skulle altså vise seg å bli Andrea sin topp nr 100 (2k 10pf). Vi kunne kanskje planlagt noko meir majestetisk blant kongerikets stolte fjelltopper, men topp er topp. Det blir feiring på Sentralen i Lom med det fyrste!
Retur via Raslet og Steindalen. Skikkeleg sugeføre og elendig glid i den våte snøen, men det er vel ikkje anne vente når kalenderen viser juni.
Benutzerkommentare
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.
Benutzerkommentare