To frå Torolmen - Fjellskitur i Årdal. (23.05.2020)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Tourenskilauf
Tourlänge 3h 37min
Entfernung 14,2km
Höhenmeter 706m
GPS
Besteigungen Svarteknippa (1.435m) 23.05.2020 17:34
Slettningsegge (1.524m) 23.05.2020 18:36

Ei helg med dårlege vermeldingar i alle retningar. Valde likevel å prøve meg på ein tur laurdag, då det var meldt halvskya, med ein del vind. Det vart fjellskia, sidan dei har vore lite brukt i det siste. Plan var to Vang-toppar, med utgangspunkt frå Torolmen i Årdal. Desse greidde eg, under varierande forhold. Bra futt i vinden fyrste to timane, men stillare i nokre parti. Litt gjennomslag opp til Svartenippa frå aust, og betydeleg nedatt vestssida. Der var plan å gå nedatt ein flanke skrått søraust. Eg slapp meg for langt ned, og fekk eit kvarter lengre tur. Så var det å sikte rett på Sletningsegga, og flanken rett opp. Det gikk greitt, med relativt få gjennomslag. Les ein terrenget og held seg unna steinar, og vurder fargen på snøfelta, så går det så godt som det kan. God vind oppå toppen, så her var det berre å returnere. Tok nokre få bilder i ein fart. Ned att frå toppen valde eg etter å ha dvela 5 sek, å køyre ned nordaus-sida. Det var blink. For her var det pudder, om ikkje køyringa var så lang. Opp (nordvest sida) var det mest hardt og bølgete. Så var det å returnere på andre sida av Svarteknippa enn eg kom opp, for variasjonen sin del. Vurderte å ikkje gå rett opp på Svarteknippa i dag, då det var litt skavlar, litt blindføre, og eg var usikker på terrenget der. Då er det betre å gå opp rygg enn flanke. To nye Vang-toppar og god trim.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.