Hjerkinnshøe (23.05.2020)

Geschrieben von kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Tourlänge 2h 07min
Entfernung 9,9km
Höhenmeter 442m
GPS
Besteigungen Hjerskavlen (1.293m) 23.05.2020 16:10
Hjerkinnshøe (1.288m) 23.05.2020 16:32
Hjerkinnshøe Øst (1.272m) 23.05.2020 16:52

På tur heim frå Sottjønnbu og mykje skodde rulla eg over Dovre i nydelig vårvær. Så måtte ein jo berre ut og få litt farge! Boven hadde tipsa om Hjerskavlen som eit lett turmål frå E6en, og når ein kom på nordsida så såg det ut som samanhengande snø heilt til topps!

Det vart litt barmarkssport og ein del gjennomtrakk, men kva gjer vel det når været er godt og ein har orkesterplass til heile dovreveggen! Heilt nydelig var det! Eg hadde ikkje lyst ned igjen, så eg svinga innom Hjerkinnshøe Øst og Hjerkinnshøe også. Her blomstra lyngen og fine ting! For berre ei veke sidan låg det 15 cm snø i hagen i Trondheim. No hadde våren kome med rakettfart. No vende eg tilbake til bartebyen solbrend og glad!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.