Nordre og Søre Brurskardknappen (21.04.2020)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Søre Brurskardknappen (1.458m) | 21.04.2020 16:15 |
---|---|---|
Nordre Brurskardknappen (1.464m) | 21.04.2020 17:11 |
Kort skitur etter jobb. Vi drog frå Slidre litt før halv tre, og var klare til å gå om lag ein time seinere. Mykje snø, og mykje biler langs Valdresflya. Det var greitt å parkere på den vesle parkeringslomma ved kommunegrensa mellom Øystre Slidre og Vågå.
Vi vurderte om vi skulle gå på langrennsski eller toppturski. Valet fall til slutt på langrennsski, da det såg ut til å vere ein del berrflekker oppover. Det var eit greitt val, men toppturski hadde nok fungert bra det og.
Vi bar skia eit lite stykke frå om lag 1300moh, før vi satt dei frå oss dei siste 60 høgdemetrane opp til toppen. Litt vondt føre å køyre med langrennsski ned frå toppen, men det gjekk greitt. Oppover mot Nordre braut det litt, men det var stort sett greitt føre. Vi satt frå oss ski 100 høgdemeter nedunder toppen. Da vi var på tur til å gå ned at, kom det opp ein norddøl på randoneeski.
Strålande pent vêr, og veldig varmt. Flott utsikt frå toppane. Satt ei stund i sola nedunder Nordre. Veldig fin kveldstur.
Benutzerkommentare