På Beinn Dorain med Gry og Glen (01.12.1991)

Geschrieben von AnneBS (Anne Berit Selle) GSM

Karte
Besteigungen Beinn Dorain (1.076m) 01.12.1991
Beinn Dorain North Top (1.066m) 01.12.1991
Ein litt spesiell fjelltur som eg aldri gløymer pga den uvanlege regnbogen me såg då me kom på toppen. Det var sol og litt tynn skodde på ein gong. Ute i skodda såg me oss sjølve inne i ein sirkulær regnboge, som ein stor glorie. Me var tre stk, men kvar av oss såg ein regnboge med kun seg sjølv inni. Me vart ståande å strekkja ut eine armen, andre armen osv for å finna ut av dette. Gry meinte dette kunne vera fenomenet dei har sett som meinar dei har møtt Gud i eit lys på fjellet. Mor mi fortalde ho hadde sett eit TV-program om diverse vêrfenomen ein gong, der dette fenomenet var forklart, men eg hugsar sjølvsagt ikkje forklaringa!
Den spesielle regnbogen me såg frå toppen av Beinn Dorain.
Den spesielle regnbogen me såg frå toppen av Beinn Dorain.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.