Folddalen (21.09.2019)

Geschrieben von aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Tourlänge 5h 28min
Entfernung 28,7km
Höhenmeter 2.001m
GPS
Besteigungen Høgfjellet (1.029m) 21.09.2019
Midtveggen (1.027m) 21.09.2019
Nonshaugen N (1.001m) 21.09.2019
Sørvest for Nonshaugen (1.030m) 21.09.2019
Skrøåfjellet (1.057m) 21.09.2019
Tindfjellet (1.167m) 21.09.2019
Midtre Tindfjellet (1.104m) 21.09.2019
Søre Tindfjellet (1.087m) 21.09.2019
Besuche anderer PBE Gråsjøen parkering (510m) 21.09.2019

Når ein i det små har starta samlinga av smultringar i Trollheimen er det mange å velge mellom. Etter ein uversperiode der ein i sitt stille sinn lurte på om det nokon gong ville bli opphaldsver igjen vart det endeleg gjensyn med sola.

Starta tidleg frå Trondheim i gråver og duskregn, men med lovnadar frå statsmeteorologane om at sola skulle kome når ein nærma seg heimtraktene. Det stemte bra, og ved ankomst Gråsjøen var det berre å finne fram solbrillene (og ikkje minst vindjakka).

Lettløpt terreng og lettkjøpte smultringar i starten utvikla seg til å bli seigare etterkvart som kilometrane i lyng og myr rulla på. Tunge bein på siste del opp mot Tindfjellet, og sannsynlegvis ikkje det beste rutevalget nedatt, men snø uten bæreevne og halvglatte sva gjorde sitt til at det vart som det vart. Peila meg inn på hytta ved Gråhaugen og lot terrenget bestemme vegen dit. Lengre og tyngre enn estimert, men bra fangst for den som er glad i smult.

Ein av dagens mange ulike vinklar mot Snota. Eit mektig skue frå samtlege.
Ein av dagens mange ulike vinklar mot Snota. Eit mektig skue frå samtlege.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.