Grøvelnebba om Mohaugen (10.08.2019)

Geschrieben von simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Startpunkt Sanden parkeringsplass (182m)
Tourcharakter Fußtour
Karte
Besteigungen Grøvelnebba (1.428m) 10.08.2019
Mohaugen (1.372m) 10.08.2019
Mohaugen S1 (1.335m) 10.08.2019
Mohaugen S2 (1.347m) 10.08.2019

Gong nummer to oppe på Grøvelnebba, men via "den rette" ruta denne gongen. No blei bannskap og skrubbsår opp bjørkeskog og mosekledde hyller erstatta av song og lyng opp mot Mohaugen S1 frå Dalsbøen. Frå Sanden parkering gjekk vi bort og opp til løa som ligg ca 300 meter inn mot Innerdalen, kor stien opp langs Kvernåa byrjar. Fin sti som vi fulgte opp til kraftmastene der terrenget byrjar å flate ut. Herifrå sikta vi oss inn på oppstigninga til Mohaugen S1. Kryssa Kvernåa utan problem, og trødde målbevisst oppover, først i lyng, deretter i steinur. Vel opp blei vi møtt av ein sollid varde og fin utiskt ned i botnen under Mohaugen. Profilen til Grøvelnebba hadde vokse for kvar høgdemeter vi hadde vunne, og stod no steil og imponerande i mot oss. Værmeldingane for denne dagen hadde vere varierande, og omliggjande skyer trua med nedbør og fuktig steinur. Til tross for ein grå himmel slapp vi derimot unna med tørt føre heile denne turen, men samtidig slo vinden mot oss i kraftige kast når vi no hadde teke oss opp på Mohaugen S1. Ein kort rast og rådslagning i slik ly som var å oppdrive, endte med at vi skrinla den opprinnelege plana om å gå over nordeggen til Grøvelnebba. Den fekk vente til ein godversdag.

Etter litt påkledning tok vi derfor fatt på ruta bort mot Grøvelnebba, og runda rundt nordeggen på vestsida, kor vi gjekk i dels bratt og laust terreng bort til oppstigninga frå vest; same vegen vi tok oss opp sist tur opp til Grøvelnebba. Herifrå er det enkel og artig klyving opp til toppen i ly for vinden som framleis stod kraftig frå sør-aust.

Bratt opp siste partiet ved oppstigninga til Grøvelnebba frå vest, men krever ikkje meir enn enkel klyving. Kan samanliknast med klyvinga opp til Innerdalstårnet.
Bratt opp siste partiet ved oppstigninga til Grøvelnebba frå vest, men krever ikkje meir enn enkel klyving. Kan samanliknast med klyvinga opp til Innerdalstårnet.

Vel oppe blei det ein god rast med fantastisk utsikt ned i Sunndalsfjorden og til omliggjande fjell. Returen fulgte same veg tilbake til Mohaugen S1, kor vi fortsatte bort til Mohaugens hovudtopp, og fortsatte ned terrenget tilbake over Kvernåa og tilbake på stien ned til Dalsbøen. Totalt tre i følgjet, ei som skreiv seg inn i toppboka på Grøvelnebba for tredje gongen, og ein førstegongsreisande.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.