Snezka (31.07.2019)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)

Tourlänge 3h 22min
Entfernung 13,2km
Höhenmeter 910m
GPS
Besteigungen Sněžka (1.602m) 31.07.2019 13:42

Familieferie i Tsjekkia. Vi var fire dagar i Praha, så da passa det bra med ein tur til Tsjekkias høgaste fjell, Snezka.

Pappa, Johannes, Kristine og eg åt frukost på hotellet klokka halv åtte, og gjekk frå hotellet litt over åtte. Vi gjekk til leigebilfirmaet Europcar, om lag 10-15 min å gå frå hotellet vårt. Derifrå køyrde vi i om lag tre timer. Det var ein del vegarbeid og GPSen sendte oss inn ein stengt veg, så bilturen vart lenger enn han kunne ha vore. Johannes var sjåfør.

Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre heilt inn til gondolen, men der var det fullt, så vi måtte køyre eit stykke oppover i Pec pod Snezkou. Oppover til toppen følgde vi godt råk frå Pec pod Snezkou til det flotte serveringsstadet på Bouda Ruzohorky. Derifrå var det veg forbi mellomstasjonen på Gondolen, før det vart godt råk opp til toppen. Like før toppen kom vi inn på brusteinvegen frå Polen. Fin utsikt på toppen.

Flott tur i fint vêr.

Bouda Ruzohorky
Bouda Ruzohorky
Bouda Ruzohorky
Bouda Ruzohorky
Snezka
Snezka
På toppen
På toppen
På toppen
På toppen
På toppen
På toppen
Mot Polen
Mot Polen
Arbeid med å steinlegge råket
Arbeid med å steinlegge råket

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.